Tur 7: Hallvardsfjellet

Atter ein onsdag med lavt skydekke, men det stoppar ikkje Stordal Turlag. Vi køyrde til Lien på Dyrkorn, der er ein liten parkeringsplass ved skiftet til Ysætra. Frå Lien går det ei bratt rås opp til ein sommarfjøs, og herifrå er det ikkje fullt så bratt. Råsa fortset gjennom litt skog i retning Viset(eller Fjelle der Turlaget var for eit par år sidan), før ein kjem over tregrensa. Her møtte vi også skodda, så utsikta vart temmeleg begrensa. Vi hadde ein kort pause på toppen, 598 moh. Meininga var å gå mot Ysætra(eller Ystesætra som det også kallast), men sidan sikta var så dårleg, gjekk vi ein lettere veg nedatt. Vi kom inn på ei rås som gjekk forbi Geiteskarvatnet ned til to hytter som er eigd av ørskogbygdarar. Vidare kom vi innatt på samme råsa som vi følgde på veg opp.

Fakta:
Dato: onsdag 22. august
Tidsbruk: ca. 2 t.
Antal deltakarar: 16

Sjå fleire bilder i bildegalleriet



-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as