I det strålande fineveret søndag 12.
august, tok eit turfølge på 15
personar frå Stordal Turlag seg opp
på Grytavasstind, 1328 moh. Grytavasstind
er ein topp ved siden av den meir kjende
Lauparen i området Stordal-Vaksvik. Dei to
toppane er godt synleg når ein køyrer
frå t.d. Valle og inn til Vestre.
Turen starta inn Jasvollbotnen, forbi
Josætra og den idylliske Botnastølen.
Hildegunn Langhaug Berli var kjentperson.
Jasvollbotnen er lang og dryg, og innom fossane
svinga vi oppover. Sidan ver og føre var
bra, tok vi sikte på ein rundtur. Vi gjekk
opp på austsida, og skråa mot toppen
av Grytavasstind. Nokre bratte berg måtte
forserast med tau, og litt klyvjing bort ein
bratt egg mot toppen.
Utsikta frå toppen var fantastisk. Vi
kunne sjå «nabo-toppen»
Lauparen, der det også var folk. Vidare
såg vi Grytavatnet under oss, vi kunne
sjå langt utover mot Ålesund, heilt
til fjella forsvann i svak dis. Jasvollbotnet
og Rolvsbotnen skilde oss frå toppane
på Ausskjeret, Ørastolen og
Rolvsbotnskorkja.
Med i følget var også John Helge
Larsen, som fortalde fakta og gode historier
underveis. Mellom anna hadde han forklaring
på dette fjellnamnet Skorkjene. I
området Stordal-Tresfjord ligg dei på
rekkje og rad; Fremste-, Heimste-, Rolvsbotn-,
Store,- og Lilleskorkja. Han meinte at det var
eit gammalt ord for ryggen på eit utmagra
dyr. Og slik slyngjer denne rekkja av skorkje
seg i landskapet.
Det var freistande å berre sitte på
toppen av Grytavasstind – 1328 meter over
havet – og nyte utsikt, ver og
turfølgje. Men ein lang tilbaketur venta.
Vi tok sikte på «normalruta»
sør for toppen. Også her var det
bratt nedstigning. I Tverrbotnen låg
snøen, og vi fekk ein fin
«aketur» på føtene nedover.
Ein flott fjelltur som kan anbefalast for dei
som er trygg på høgde. Skal ein
gå austsida av fjellet, slik vi gjorde, er
det tryggast å ta med ein kjentperson.
Fakta:
Dato: søndag 12. august
Tidsbruk: ca. 9,5 t.
Antal deltakarar: 15
Sjå fleire bilder i
bildegalleriet