Tur 6: Grytavasstind

I det strålande fineveret søndag 12. august, tok eit turfølge på 15 personar frå Stordal Turlag seg opp på Grytavasstind, 1328 moh. Grytavasstind er ein topp ved siden av den meir kjende Lauparen i området Stordal-Vaksvik. Dei to toppane er godt synleg når ein køyrer frå t.d. Valle og inn til Vestre.

Turen starta inn Jasvollbotnen, forbi Josætra og den idylliske Botnastølen. Hildegunn Langhaug Berli var kjentperson. Jasvollbotnen er lang og dryg, og innom fossane svinga vi oppover. Sidan ver og føre var bra, tok vi sikte på ein rundtur. Vi gjekk opp på austsida, og skråa mot toppen av Grytavasstind. Nokre bratte berg måtte forserast med tau, og litt klyvjing bort ein bratt egg mot toppen.

Utsikta frå toppen var fantastisk. Vi kunne sjå «nabo-toppen» Lauparen, der det også var folk. Vidare såg vi Grytavatnet under oss, vi kunne sjå langt utover mot Ålesund, heilt til fjella forsvann i svak dis. Jasvollbotnet og Rolvsbotnen skilde oss frå toppane på Ausskjeret, Ørastolen og Rolvsbotnskorkja.

Med i følget var også John Helge Larsen, som fortalde fakta og gode historier underveis. Mellom anna hadde han forklaring på dette fjellnamnet Skorkjene. I området Stordal-Tresfjord ligg dei på rekkje og rad; Fremste-, Heimste-, Rolvsbotn-, Store,- og Lilleskorkja. Han meinte at det var eit gammalt ord for ryggen på eit utmagra dyr. Og slik slyngjer denne rekkja av skorkje seg i landskapet.

Det var freistande å berre sitte på toppen av Grytavasstind – 1328 meter over havet – og nyte utsikt, ver og turfølgje. Men ein lang tilbaketur venta. Vi tok sikte på «normalruta» sør for toppen. Også her var det bratt nedstigning. I Tverrbotnen låg snøen, og vi fekk ein fin «aketur» på føtene nedover.

Ein flott fjelltur som kan anbefalast for dei som er trygg på høgde. Skal ein gå austsida av fjellet, slik vi gjorde, er det tryggast å ta med ein kjentperson.

Fakta:
Dato: søndag 12. august
Tidsbruk: ca. 9,5 t.
Antal deltakarar: 15

Sjå fleire bilder i bildegalleriet



-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as