Dagen var varm og lummer, men i det dei 13 i
Stordal Turlag starta å gå
Kløvstien attmed Trollstien, kom også
regnet. Vi tok inn på Kløvstien om
lag der Trollstigen «flatar ut». Der
er det bru over Istra. Det er også mogleg
å gå frå lenger ned i
Isterdalen.
Stien startar i skogsterreng med mange digre
kampesteinar strødd rundt omkring.
Stigninga aukar og vi får eit godt utsyn
over Trollstigen, som sto ferdig i 1936.
Før dette var kløvstien einaste vegen
frå Valldal til Rauma, og mykje brukt for
å frakte dyr til Romsdals Marknad. Eit
stykke opp kløvstien kjem vi til glatte og
våte svaberg, og vi undrast på
korleis i all verda greidde ei ku å
gå her? Vi kjem oss opp etter kjettingen
som er godt festa til fjellet.
Kløvstein vart restaurert for nokre
år sidan, og det er ein flott og spanande
tur å gå. Når vi kjem forbi dei
verste partia, er vi rett nedanfor
Stigfossbrua. Her kjem vi inn på vegen eit
lite stykke, før kløvstien held fram.
Det er godt merka heile vegen. Over oss kneisar
Bispen og Kongen, og små fossar
strøymer ned fjellsida rett frå desse
flotte tindane.
Siste partiet går på trappetrinn og
litt meir uregjerleg ur. Brått ser vi
utsiktsplattforma på toppen av
Trollstigen, og vi innser at vi er framme(var
det ikkje lenger…). Dette var ein
kjempeflott tur, som kan anbefalast.
Fakta:
Dato: onsdag 24. august
Tidsbruk: ca. 1 time 15 min
Antal deltakarar: 13
Sjå fleire bilder i
bildegalleriet