Tur 8: Kløvstien

Dagen var varm og lummer, men i det dei 13 i Stordal Turlag starta å gå Kløvstien attmed Trollstien, kom også regnet. Vi tok inn på Kløvstien om lag der Trollstigen «flatar ut». Der er det bru over Istra. Det er også mogleg å gå frå lenger ned i Isterdalen.

Stien startar i skogsterreng med mange digre kampesteinar strødd rundt omkring. Stigninga aukar og vi får eit godt utsyn over Trollstigen, som sto ferdig i 1936. Før dette var kløvstien einaste vegen frå Valldal til Rauma, og mykje brukt for å frakte dyr til Romsdals Marknad. Eit stykke opp kløvstien kjem vi til glatte og våte svaberg, og vi undrast på korleis i all verda greidde ei ku å gå her? Vi kjem oss opp etter kjettingen som er godt festa til fjellet.

Kløvstein vart restaurert for nokre år sidan, og det er ein flott og spanande tur å gå. Når vi kjem forbi dei verste partia, er vi rett nedanfor Stigfossbrua. Her kjem vi inn på vegen eit lite stykke, før kløvstien held fram. Det er godt merka heile vegen. Over oss kneisar Bispen og Kongen, og små fossar strøymer ned fjellsida rett frå desse flotte tindane.

Siste partiet går på trappetrinn og litt meir uregjerleg ur. Brått ser vi utsiktsplattforma på toppen av Trollstigen, og vi innser at vi er framme(var det ikkje lenger…). Dette var ein kjempeflott tur, som kan anbefalast.

Fakta:
Dato: onsdag 24. august
Tidsbruk: ca. 1 time 15 min
Antal deltakarar: 13

Sjå fleire bilder i bildegalleriet



-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as