Dette var ein tur vi verkeleg gledde oss til
– årets ”langtur”;
Stordalsholmen – Tua – Fjelladalen
– Stavseng. Veret var kjempefint, og
heile 25 personar var med på turen. John
og Johan var velvillige båtførarar og
skyssa turgåarane ut til Stordalsholmen.
Med såpass mykje folk, måtte
båtane gå to turar kvar. Litt venting
på dei som kom ut først, men så
vart det høve til å sjå seg
omkring på Stordalsholmen, ein litt
utilgjengleg plass for dei fleste.
Turleiar Jan fortalde så litt om historia
til Stordalsholmen. Mang ei heks hadde vorte
brent på bålet her. Holmen hadde
også vore ein mykje brukt handelsstad.
Første delen av turen var ganske bratt,
men likevel god rås. Ein plass var det
litt steilt berg, ein annan plass var utstyrt
med ei lita ”bru”, men det meste
var heilt greitt å gå. Det var
attgrodd med tre, så utsikta var ikkje all
verden. På Øvsteholmen ligg eit
gammalt hus i ei eng, med fantastisk utsikt til
Fausa og fjellgardane på motsatt side av
Storfjorden. Vi tok ein liten rast her.
Framleis var det ein god del stigning, men det
er vel verdt slitet, når ein kjem til eit
utsiktspunkt ved fjorden. Her ser ein heilt
frå Stranda til Skotshalsen, og vidare
utover fjorden. Og jammen kom ikkje Hurtigruta
også glidande inn Storfjorden medan vi var
der.
Det flatar no ut, og vi går ned på
Holmesætra. Her er fleire sel og gamle
tufter. Herifrå kan ein velgje mange
altenative rutertil Liabygda. Denne gongen
gjekk vi i austleg retning mot Tua.
Det meste av stigning var no unnagjort, og vi
gjekk mot Tua på 836 m.o.h. Ein går
litt på ”innsida” av
Benkerøra, så utsikta mot Stordal var
begrensa fram til vi kom til Tua. Her derimot
er utsikta heilt fantastisk. Det går 800
meter rakt ned. Ein del fotografering her,
før nedstigninga i lett terreng til
Fjelladalen. Her er ei hytte som tilhøyrer
Liabygdarane, og som er opa viss ein treng ly.
Vi åt opp siste brødskiva, før
vi tok fatt på siste etappe.
Vi gjekk oppover mot Ringsetkloven, og her bles
det så ein knapt kunne stå
opprøyst. Sjølv om temperaturen og
veret var greitt elles. Det gjekk raskt over
skaret og ned i den litt lunare Ringsetbotnen.
Botnen er lang, og etterkvart kjem vi ned i
skogen. Ned mot Stavseng kan ein gå
på ein traktorveg(viss ein ikkje heller
tek beinevegen ned , då).
Fakta:
Dato: søndag 14. august
Tidsbruk: ca. 6 timar
Antal deltakarar: 25
Sjå fleire bilder i
bildegalleriet