Tur 7: Holmen - Tua

Dette var ein tur vi verkeleg gledde oss til – årets ”langtur”; Stordalsholmen – Tua – Fjelladalen – Stavseng. Veret var kjempefint, og heile 25 personar var med på turen. John og Johan var velvillige båtførarar og skyssa turgåarane ut til Stordalsholmen. Med såpass mykje folk, måtte båtane gå to turar kvar. Litt venting på dei som kom ut først, men så vart det høve til å sjå seg omkring på Stordalsholmen, ein litt utilgjengleg plass for dei fleste.

Turleiar Jan fortalde så litt om historia til Stordalsholmen. Mang ei heks hadde vorte brent på bålet her. Holmen hadde også vore ein mykje brukt handelsstad.

Første delen av turen var ganske bratt, men likevel god rås. Ein plass var det litt steilt berg, ein annan plass var utstyrt med ei lita ”bru”, men det meste var heilt greitt å gå. Det var attgrodd med tre, så utsikta var ikkje all verden. På Øvsteholmen ligg eit gammalt hus i ei eng, med fantastisk utsikt til Fausa og fjellgardane på motsatt side av Storfjorden. Vi tok ein liten rast her.

Framleis var det ein god del stigning, men det er vel verdt slitet, når ein kjem til eit utsiktspunkt ved fjorden. Her ser ein heilt frå Stranda til Skotshalsen, og vidare utover fjorden. Og jammen kom ikkje Hurtigruta også glidande inn Storfjorden medan vi var der.

Det flatar no ut, og vi går ned på Holmesætra. Her er fleire sel og gamle tufter. Herifrå kan ein velgje mange altenative rutertil Liabygda. Denne gongen gjekk vi i austleg retning mot Tua.

Det meste av stigning var no unnagjort, og vi gjekk mot Tua på 836 m.o.h. Ein går litt på ”innsida” av Benkerøra, så utsikta mot Stordal var begrensa fram til vi kom til Tua. Her derimot er utsikta heilt fantastisk. Det går 800 meter rakt ned. Ein del fotografering her, før nedstigninga i lett terreng til Fjelladalen. Her er ei hytte som tilhøyrer Liabygdarane, og som er opa viss ein treng ly. Vi åt opp siste brødskiva, før vi tok fatt på siste etappe.

Vi gjekk oppover mot Ringsetkloven, og her bles det så ein knapt kunne stå opprøyst. Sjølv om temperaturen og veret var greitt elles. Det gjekk raskt over skaret og ned i den litt lunare Ringsetbotnen. Botnen er lang, og etterkvart kjem vi ned i skogen. Ned mot Stavseng kan ein gå på ein traktorveg(viss ein ikkje heller tek beinevegen ned , då).

Fakta:
Dato: søndag 14. august
Tidsbruk: ca. 6 timar
Antal deltakarar: 25

Sjå fleire bilder i bildegalleriet



-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as