Onsdagen kom med surt ver, men likevel hadde 8
personar møtt opp, klar til tur.
Verahornet ligg på Sjøholt, og er det
som ligg rett over Husmorskulen.
Vi køyrde opp gjennom byggefeltet frå
sentrum, og parkerte før siste
gården. Råsa er lett å
følge, berre ein finn starten. Første
del av turen går gjennom barskog, så
litt lauvskog. Toppen ligg på 518 moh, og
er over tregrensa.
Eit stykke opp på vegen, kom det å
regna. Skodda kom også, så utsikta
vart ganske begrensa. Råsa vart ganske
sleip på turen nedatt.
På toppen er restane av ei gammal hytte,
der folk låg å speida etter tyske fly
under krigen. Denne vart nedbrent for nokre
år sidan.
Fakta:
Dato: onsdag 25. mai
Tidsbruk: ca. 2 timar
Antal deltakarar: 8
Sjå fleire bilder i
bildegalleriet