Tur 2: Verahornet

Onsdagen kom med surt ver, men likevel hadde 8 personar møtt opp, klar til tur. Verahornet ligg på Sjøholt, og er det som ligg rett over Husmorskulen.

Vi køyrde opp gjennom byggefeltet frå sentrum, og parkerte før siste gården. Råsa er lett å følge, berre ein finn starten. Første del av turen går gjennom barskog, så litt lauvskog. Toppen ligg på 518 moh, og er over tregrensa.

Eit stykke opp på vegen, kom det å regna. Skodda kom også, så utsikta vart ganske begrensa. Råsa vart ganske sleip på turen nedatt.

På toppen er restane av ei gammal hytte, der folk låg å speida etter tyske fly under krigen. Denne vart nedbrent for nokre år sidan.

Fakta:
Dato: onsdag 25. mai
Tidsbruk: ca. 2 timar
Antal deltakarar: 8

Sjå fleire bilder i bildegalleriet



-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as