Søndag 25. september møttest ein
ivrig turgjeng på Gjerdeneset i Eidsdal.
Stordal Turlag hadde planlagt tur på
Grjotet, og underteikna var innhyra som
turleiar saman med Peder Nerland.
I ein haust prega av mykje ruskevêr var vi
også denne helga heldige: Inne i
Indreeidsdalen låg periodevis regntunge
skyer, men til all lukke hadde dei andre
turplanar enn oss denne dagen! Vi kunne
såleis pjaske oss av garde i fin
temperatur, og i tillegg var det totalt
vindstille heilt til vi kom opp på
Kilstiheia.
Etter berre få minutts gange nådde vi
opp til Kilstivatnet, og med det var vi
også komne innafor verdsarvområdet.
Eg måtte sjølvsagt nytte høve
til å påpeike dette faktumet, og
understreke at også fjordane Tafjorden og
Sunnylvsfjorden høyrer inn under
verdsarven saman med Geirangerfjorden. Her
gjeld det å nytte eit kvart høve til
å formidle lokalkunnskap!
Etappen innover råsa langs vatnet til
Kilstisetra er reine idyllen; snilt terreng og
storslagen natur har bergteke mange før
Stordal Turlag dukka opp! Trass i at vatnet er
drikkevasskjelda til «yddølene»,
er det ein ynda badevatn for mange av oss
friluftsfolk – både små og
store! –Elles er det heldigvis framleis
godt med husdyr kring vatnet (som både
badar der og gjer det som verre er..), og
kilstigeitene har gjort ein glimrande beitejobb
slik at landskapet er ope og oversikteleg.
På Kilstisetra vart det ein kort stopp for
å psyke seg opp til den verkeleg stigninga
byrja. Herifrå går det god rås
opp til Kilstiheia, men motbakken er jamt hard.
Her gjaldt det å finne høveleg
utgangstempo, roleg og jamt. I dag var det TUR,
og ikkje TRENING! –Å be folk om
å seie frå om det går for fort
har eg prøvd før. Dei fleste heng
på så lenge dei klarer før dei
innrømmer at tempoet er i høgaste
laget. Når så langt kjem, har dei
gjerne brent litt for mykje krutt, og turen
vert meir ein kamp enn kos. Slik vil vi ikkje
ha det! Dermed vart det ein litt lengre stopp
straks vi passerte skoggrensa og fekk betre
utsyn. Her var det topp på topp å
sjå austover og nordover, og i fellesskap
plukka vi dei ut og namngav alle: Truleg var
nok einskilde av oss alt då i gang med
å planleggje nye turar!
Kilstiheia kan vere vêrhard, men i dag var
ho mild. Vi tok matpause ved ei lita
fjelltjørn. Sveittevåte trøyer
vart bytta med tørre, og osteskiva og
kaffikoppen kom fram. Men det vert kaldt å
sitje for lenge, og i samla tropp tok vi fatt
på den siste halvparten av
høgdemetrane mot toppen. Grjotet kan gje
oss ein seig tur, men rutevalet via Kilstisetra
og Heia er meir variert enn ruta frå
Rønneberg, og brått kunne
turfølgjet vårt konstatere at vi var
oppe. Utsyn inn Sunnylvsfjorden og
Norddalsfjorden og ut Storfjorden, eit variert
og storslått fjellandskap, og små
bygdesamfunn mellom tindar og nutar. Vi vert
aldri lei av å sjå ut over det!
Etter at utsyn var nytt, bilte var tatt og meir
niste fortært, greidde eg å lokke med
meg turfølgjet til å leggje returen
via egga nordvestover – slik at vi gjekk
nedatt til Grjotdalsvatnet. Denne egga er ikkje
vanskeleg å gå, men ho er luftig
på einskilde punkt, og somme stader er det
fornuftig å støtte seg litt med
hendene. Det viktigaste er å gje seg tida
og gå trygt. Slik var og er mi vurdering,
men folk er ulike, og ein liten gjeng meinte
det vart for skummelt.
No på hausten når breen er borte,
gjekk det greitt å gå lågare
nede i fjellsida (mot nordaust) og krysse der
før vi kom innatt på ryggen mot
Grjotdalsvatnet. Når breen ligg der,
må ein vere meir varsam.
Så etter litt ulike vegval, samla gruppa
seg igjen på vegen ned mot
Grjotdalsvatnet. Herifrå runda vi Grjotet
på nordsida. Fyrst ved å gå
kring 100 høgdemeter nedover, deretter
heldt vi om lag same høgda til vi kom att
på Kilstiheia. Etter litt laus ur ned mot
Grjotdalsvatnet, var det no godt å gå
i mose og lyng, dels på rås vidare.
Kring kl 17 seig vi ned i graset ved turposten
på Kilstisetra. Vi hadde vore på tur
i sju timar, og kroppane våre merka nok at
dei hadde vore i aksjon: Godt å nyte den
siste brødskiva medan praten gjekk ein del
lettare enn då vi starta… -Merkeleg
korleis fjellufta og turopplevinga bringer folk
saman og gjev grunnlag for fellesskap…
På setra takka eg for følgjet.
Etappen rundt vatnet vart nok reine desserten i
kveldsstilla. –Men kanskje greidde dei
ikkje heilt å nye han…: I vår
teknologiske verd hadde «rykta»
frå mobiltelefonane allereie varsla om
ferjehavari. Neste avgang: 19.30. Det vart nok
seint før dei kom heimatt til
Valderøya… Men eg vonar alle likevel
kan vere samde om at det var ein fin tur…
-Takk for følgjet!
Helsing Merete Løvoll Rønneberg
Fakta:
Dato: søndag 25. september
Tidsbruk: ca. 7 timar
Antal deltakarar: 12
Sjå fleire bilder i
bildegalleriet