Tur 13: Grjotet

Søndag 25. september møttest ein ivrig turgjeng på Gjerdeneset i Eidsdal. Stordal Turlag hadde planlagt tur på Grjotet, og underteikna var innhyra som turleiar saman med Peder Nerland.

I ein haust prega av mykje ruskevêr var vi også denne helga heldige: Inne i Indreeidsdalen låg periodevis regntunge skyer, men til all lukke hadde dei andre turplanar enn oss denne dagen! Vi kunne såleis pjaske oss av garde i fin temperatur, og i tillegg var det totalt vindstille heilt til vi kom opp på Kilstiheia.

Etter berre få minutts gange nådde vi opp til Kilstivatnet, og med det var vi også komne innafor verdsarvområdet. Eg måtte sjølvsagt nytte høve til å påpeike dette faktumet, og understreke at også fjordane Tafjorden og Sunnylvsfjorden høyrer inn under verdsarven saman med Geirangerfjorden. Her gjeld det å nytte eit kvart høve til å formidle lokalkunnskap!

Etappen innover råsa langs vatnet til Kilstisetra er reine idyllen; snilt terreng og storslagen natur har bergteke mange før Stordal Turlag dukka opp! Trass i at vatnet er drikkevasskjelda til «yddølene», er det ein ynda badevatn for mange av oss friluftsfolk – både små og store! –Elles er det heldigvis framleis godt med husdyr kring vatnet (som både badar der og gjer det som verre er..), og kilstigeitene har gjort ein glimrande beitejobb slik at landskapet er ope og oversikteleg.

På Kilstisetra vart det ein kort stopp for å psyke seg opp til den verkeleg stigninga byrja. Herifrå går det god rås opp til Kilstiheia, men motbakken er jamt hard. Her gjaldt det å finne høveleg utgangstempo, roleg og jamt. I dag var det TUR, og ikkje TRENING! –Å be folk om å seie frå om det går for fort har eg prøvd før. Dei fleste heng på så lenge dei klarer før dei innrømmer at tempoet er i høgaste laget. Når så langt kjem, har dei gjerne brent litt for mykje krutt, og turen vert meir ein kamp enn kos. Slik vil vi ikkje ha det! Dermed vart det ein litt lengre stopp straks vi passerte skoggrensa og fekk betre utsyn. Her var det topp på topp å sjå austover og nordover, og i fellesskap plukka vi dei ut og namngav alle: Truleg var nok einskilde av oss alt då i gang med å planleggje nye turar!

Kilstiheia kan vere vêrhard, men i dag var ho mild. Vi tok matpause ved ei lita fjelltjørn. Sveittevåte trøyer vart bytta med tørre, og osteskiva og kaffikoppen kom fram. Men det vert kaldt å sitje for lenge, og i samla tropp tok vi fatt på den siste halvparten av høgdemetrane mot toppen. Grjotet kan gje oss ein seig tur, men rutevalet via Kilstisetra og Heia er meir variert enn ruta frå Rønneberg, og brått kunne turfølgjet vårt konstatere at vi var oppe. Utsyn inn Sunnylvsfjorden og Norddalsfjorden og ut Storfjorden, eit variert og storslått fjellandskap, og små bygdesamfunn mellom tindar og nutar. Vi vert aldri lei av å sjå ut over det!

Etter at utsyn var nytt, bilte var tatt og meir niste fortært, greidde eg å lokke med meg turfølgjet til å leggje returen via egga nordvestover – slik at vi gjekk nedatt til Grjotdalsvatnet. Denne egga er ikkje vanskeleg å gå, men ho er luftig på einskilde punkt, og somme stader er det fornuftig å støtte seg litt med hendene. Det viktigaste er å gje seg tida og gå trygt. Slik var og er mi vurdering, men folk er ulike, og ein liten gjeng meinte det vart for skummelt.

No på hausten når breen er borte, gjekk det greitt å gå lågare nede i fjellsida (mot nordaust) og krysse der før vi kom innatt på ryggen mot Grjotdalsvatnet. Når breen ligg der, må ein vere meir varsam.

Så etter litt ulike vegval, samla gruppa seg igjen på vegen ned mot Grjotdalsvatnet. Herifrå runda vi Grjotet på nordsida. Fyrst ved å gå kring 100 høgdemeter nedover, deretter heldt vi om lag same høgda til vi kom att på Kilstiheia. Etter litt laus ur ned mot Grjotdalsvatnet, var det no godt å gå i mose og lyng, dels på rås vidare. Kring kl 17 seig vi ned i graset ved turposten på Kilstisetra. Vi hadde vore på tur i sju timar, og kroppane våre merka nok at dei hadde vore i aksjon: Godt å nyte den siste brødskiva medan praten gjekk ein del lettare enn då vi starta… -Merkeleg korleis fjellufta og turopplevinga bringer folk saman og gjev grunnlag for fellesskap…

På setra takka eg for følgjet. Etappen rundt vatnet vart nok reine desserten i kveldsstilla. –Men kanskje greidde dei ikkje heilt å nye han…: I vår teknologiske verd hadde «rykta» frå mobiltelefonane allereie varsla om ferjehavari. Neste avgang: 19.30. Det vart nok seint før dei kom heimatt til Valderøya… Men eg vonar alle likevel kan vere samde om at det var ein fin tur… -Takk for følgjet!

Helsing Merete Løvoll Rønneberg

Fakta:
Dato: søndag 25. september
Tidsbruk: ca. 7 timar
Antal deltakarar: 12

Sjå fleire bilder i bildegalleriet



-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as