Hausten kjem sigande og kveldane vert
mørkare. Turlaget hadde eit litt for
ambisiøt turopplegg med rundtur frå
Almåssætra til Stølesætra,
men kom til at mørkret ville kome litt for
brått på. Dermed ville vi nøye
oss med Almåssætra. Men her kom ein
forarga jaktar og meinte at her kunne ikkje
vanlege folk opphalde seg. Dermed tok vi turen
til Støleætra.
Vi gjekk skogsveien eit godt stykke, før
vi tok inn på råsa. Den var ganske
bratt opp, men råsa var lett å
følgje. Det ligg to hytter på
Stølesætra og ein del gamle tufter. I
staden for å gå same vei nedatt,
gjekk vi i retning Jasvollbotnen. Det var ein
god del trakk, men etterkvart forsvann
råsa. Det var likevel lett terreng å
gå i. Vi kunne sjå Josætra, der
dei held dei på å rydde skog for
å lage hyttefelt. Vi kom nedatt på
skogsvegen ved Jasvollbotnen, og følgde
den ned til hovudvegen. No ver det eit godt
stykke å gå opp til bilane, og det
vart godt mørkt dei 20 minutta vi brukte
dit.
Fakta:
Dato: onsdag 21. september
Tidsbruk: ca. 2,5 timar
Antal deltakarar: 6