Tur 12: Stølesætra

Hausten kjem sigande og kveldane vert mørkare. Turlaget hadde eit litt for ambisiøt turopplegg med rundtur frå Almåssætra til Stølesætra, men kom til at mørkret ville kome litt for brått på. Dermed ville vi nøye oss med Almåssætra. Men her kom ein forarga jaktar og meinte at her kunne ikkje vanlege folk opphalde seg. Dermed tok vi turen til Støleætra.

Vi gjekk skogsveien eit godt stykke, før vi tok inn på råsa. Den var ganske bratt opp, men råsa var lett å følgje. Det ligg to hytter på Stølesætra og ein del gamle tufter. I staden for å gå same vei nedatt, gjekk vi i retning Jasvollbotnen. Det var ein god del trakk, men etterkvart forsvann råsa. Det var likevel lett terreng å gå i. Vi kunne sjå Josætra, der dei held dei på å rydde skog for å lage hyttefelt. Vi kom nedatt på skogsvegen ved Jasvollbotnen, og følgde den ned til hovudvegen. No ver det eit godt stykke å gå opp til bilane, og det vart godt mørkt dei 20 minutta vi brukte dit.

Fakta:
Dato: onsdag 21. september
Tidsbruk: ca. 2,5 timar
Antal deltakarar: 6



-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as