Sommaren var over, og turfolket var no klar for
dei lengre toppturane. Første
søndagsturen vår, gjekk i år til
Liahornet og Blåtind i grenseområdet
mellom Liabygda og Stordal. 16 stykkje var med,
veret var lettskya og varmt, og alt låg
tilrette for ein fin tur.
Vi starta frå Liabygda, gjekk opp på
Liasætra og vidare opp på Liahornet,
961 moh. Utsikta var allereie flott frå
denne toppen, så vi gleda oss til neste
topp, Blåtind på 1338 moh. Vi
måtte gå bratt nedatt omlag 500
meter, før vi byrja på oppstigninga
til Blåtind. Terrenget var greitt å
gå i, eindel ur øverst og eit lite
klyvjeparti rett får toppen. Det var ikkje
noko avskrekkande for nokon.
Utsikta var som forventa spektakulær. Vi
såg Sunnmørsalpane med dottar av
skyer rundt toppane, Jolgrøhornet og
fjellmassivet rundt, majestetiske fjell i
grenseområdet Stordal/Valldal. Stordalen
skimta vi også, men den såg vi meir
av frå Liahornet.
Fantstisk tur med flott utsikt som ein verkeleg
kan anbefale!
Fakta:
Dato: søndag 8. august
Tidsbruk: ca. 7 timar
Antal deltakarar: 16
Sjå fleire bilder i
bildegalleriet