Tur 6: Liahornet/Blåtind

Sommaren var over, og turfolket var no klar for dei lengre toppturane. Første søndagsturen vår, gjekk i år til Liahornet og Blåtind i grenseområdet mellom Liabygda og Stordal. 16 stykkje var med, veret var lettskya og varmt, og alt låg tilrette for ein fin tur.

Vi starta frå Liabygda, gjekk opp på Liasætra og vidare opp på Liahornet, 961 moh. Utsikta var allereie flott frå denne toppen, så vi gleda oss til neste topp, Blåtind på 1338 moh. Vi måtte gå bratt nedatt omlag 500 meter, før vi byrja på oppstigninga til Blåtind. Terrenget var greitt å gå i, eindel ur øverst og eit lite klyvjeparti rett får toppen. Det var ikkje noko avskrekkande for nokon.

Utsikta var som forventa spektakulær. Vi såg Sunnmørsalpane med dottar av skyer rundt toppane, Jolgrøhornet og fjellmassivet rundt, majestetiske fjell i grenseområdet Stordal/Valldal. Stordalen skimta vi også, men den såg vi meir av frå Liahornet.

Fantstisk tur med flott utsikt som ein verkeleg kan anbefale!

Fakta:
Dato: søndag 8. august
Tidsbruk: ca. 7 timar
Antal deltakarar: 16

Sjå fleire bilder i bildegalleriet



-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as