Kalenderen viser midtsommar, kveldane er lange
og innbyr til fine turar i lunt sommarver. Rett
nok trua lave skyer denne kvelden, men likevel
hadde 11 turfolk møtt fram. Vi hadde
fått med Dagrun frå Valldal til
å føre oss.
Vi starta turen med å køyre opp
Lingåsen over Valldal, og vidare på
bomvei opp til Klovsetsætra, der vi
parkerte. Her tok vi inn på rås opp
gjennom skogen til over tregrensa. Vi gjekk
over eit skar, og nedatt i idylliske
Høgsetdalen. Her låg nokre sel, og vi
tok ein liten pause.
Vardefjellet(893 moh) var neste mål. Vi
måtte gå tilbake i samme råsa
eit stykkje, før vi svinga mot
Vardefjellet. Dette fjellet ligg rett over
Linge, og har ei fantastisk utsikt både
innover og utover Norddalsfjorden. Dessverre
kom skodda sigande før vi nådde
toppen, så utsiktva vart berre glimtvis.
Det var likevel ein topp som frista til
gjentaking, gjerne då ein dag med klarare
ver.
Fakta:
Dato: onsdag 30. juni
Tidsbruk: ca. 3,5 timar
Antal deltakarar: 11
Sjå fleire bilder i
bildegalleriet