Tur 5: Vardefjellet i Valldal

Kalenderen viser midtsommar, kveldane er lange og innbyr til fine turar i lunt sommarver. Rett nok trua lave skyer denne kvelden, men likevel hadde 11 turfolk møtt fram. Vi hadde fått med Dagrun frå Valldal til å føre oss.

Vi starta turen med å køyre opp Lingåsen over Valldal, og vidare på bomvei opp til Klovsetsætra, der vi parkerte. Her tok vi inn på rås opp gjennom skogen til over tregrensa. Vi gjekk over eit skar, og nedatt i idylliske Høgsetdalen. Her låg nokre sel, og vi tok ein liten pause.

Vardefjellet(893 moh) var neste mål. Vi måtte gå tilbake i samme råsa eit stykkje, før vi svinga mot Vardefjellet. Dette fjellet ligg rett over Linge, og har ei fantastisk utsikt både innover og utover Norddalsfjorden. Dessverre kom skodda sigande før vi nådde toppen, så utsiktva vart berre glimtvis. Det var likevel ein topp som frista til gjentaking, gjerne då ein dag med klarare ver.

Fakta:
Dato: onsdag 30. juni
Tidsbruk: ca. 3,5 timar
Antal deltakarar: 11

Sjå fleire bilder i bildegalleriet



-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as