26 personar tok turen til Dyrkorn denne
onsdagskvelden. Elin Parr hadde stillt opp som
kjentmann(kvinne) på turen. Ho fortalde
levande om notid og fortid på Dyrkorn, om
stadnamn, hus og heimar. Turen starta ved dei
gamle Dyrkornanlegga, der det no er
Devold-utsal. Vidare oppover fekk vi høyre
om gamleskulen som no er pussa opp på
dugnad og vert nytta som grendahus. Turlaget
gjekk heilt opp i Lia, ytst på Dyrkorn.
Her er det ei fantastisk utsikt over
Storfjorden. Og jammen kom det ikkje eit
turistskip forbi også. Litt regn var det,
men såpass må ein vandrar tole.
Fakta:
Dato: onsdag 2. juni
Tidsbruk: ca. 2 timar
Antal deltakarar: 26
Sjå fleire bilder i
bildegalleriet