Tur 3: Dyrkornbygda opp

26 personar tok turen til Dyrkorn denne onsdagskvelden. Elin Parr hadde stillt opp som kjentmann(kvinne) på turen. Ho fortalde levande om notid og fortid på Dyrkorn, om stadnamn, hus og heimar. Turen starta ved dei gamle Dyrkornanlegga, der det no er Devold-utsal. Vidare oppover fekk vi høyre om gamleskulen som no er pussa opp på dugnad og vert nytta som grendahus. Turlaget gjekk heilt opp i Lia, ytst på Dyrkorn. Her er det ei fantastisk utsikt over Storfjorden. Og jammen kom det ikkje eit turistskip forbi også. Litt regn var det, men såpass må ein vandrar tole.

Fakta:
Dato: onsdag 2. juni
Tidsbruk: ca. 2 timar
Antal deltakarar: 26

Sjå fleire bilder i bildegalleriet



-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as