Nyopning av gammal veg i Stordal
Onsdag 19. mai gjekk Stordal Turlag den nyrydda
gamlevegen mellom Løset og Ekre. Heile 35
glade turvandrarar var med, derav Turlagets
yngste deltakar nokonsinne; ein liten gut
på berre 6 veker!
Fyrste delen av vegen frå Løset, vart
sist brukt i 1975. Mykje småskog hadde
vakse opp her. Lenger opp hadde ikkje vegen
vore i bruk sidan omlag 1922. Jan Helland, som
var med som turleiar, og Ole-Jakob Rødset
hadde rydda den gamle vegen. Turleiar Jan kunne
fortelje mykje interessant om bruka vi passerte
i Rødsetdalen og gamle historier knytta
til området. Vegen enda på Ekre, og
nedatt gjekk vi gjennom litt meir ulendt
terreng på sørsida av elva.
Fakta:
Dato: onsdag 19. mai
Tidsbruk: ca. 2 timar
Antal deltakarar: 35