Ekre

Nyopning av gammal veg i Stordal

Onsdag 19. mai gjekk Stordal Turlag den nyrydda gamlevegen mellom Løset og Ekre. Heile 35 glade turvandrarar var med, derav Turlagets yngste deltakar nokonsinne; ein liten gut på berre 6 veker!

Fyrste delen av vegen frå Løset, vart sist brukt i 1975. Mykje småskog hadde vakse opp her. Lenger opp hadde ikkje vegen vore i bruk sidan omlag 1922. Jan Helland, som var med som turleiar, og Ole-Jakob Rødset hadde rydda den gamle vegen. Turleiar Jan kunne fortelje mykje interessant om bruka vi passerte i Rødsetdalen og gamle historier knytta til området. Vegen enda på Ekre, og nedatt gjekk vi gjennom litt meir ulendt terreng på sørsida av elva.

Fakta:
Dato: onsdag 19. mai
Tidsbruk: ca. 2 timar
Antal deltakarar: 35



-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as