Stordal Turlag hadde tur til tuftene av garden
Fjelle, som ligg omlag rett over Kokarsteinen
ved Dyrkorn. Turlaget held fram historia om Ola
og Kjersti som flytta frå Fokhaugen til
ytst på Dyrkorn. Fyrste turen var til
Fokhaugtuftene i byrjinga av juni.
Turen starta frå Lia, høgt oppe i
Dyrkornbygda, gjekk via tuftene på Fjelle
til Halvardsætra på Viset. Det var 17
som var med på turen, både
Stordalingar, Ørskogbygdarar og
Ålesundarar.
Turleiar Jan Helland er ein av fleire som har
rydda både tuftene og rås fram til
denne litt uframkomelege plassen. Han hadde
også, saman med Kristian Almås, gravd
litt i historia, noko som var særs
interessant. Den vert gjengitt her.
Fokhaugfolket – Kjersti og
Ola
Historia starta på Fokhaugane, der Ola og
Kjersti budde for 300 år sidan. Det var
langt til fjells, med lange vintrar og mykje
rovdyr. Samtidig ligg Fokhaugen sentralt
plassert mellom bygdene Stordal, Tresfjord,
Innfjorden, Måndalen og Valldal. I 1701 er
det nemnt at det var to brukarar på
Fokhaugen. Nils, 56 år og Peder, 54
år. Kanskje var desse brødre. Ola og
Kjersti kom truleg etter desse.
Ein trur at paret flytta frå Fokhaugen
på 1720-talet, kanskje på grunn av
dei lange vintrane, 7-8 månader i
året. Men det var ikkje fattigfolk som
flytta derifrå, når vi ser på
dyreflokken. Det vart fortalt at dei hadde 12
klauvnaut(kyr, kalvar og kviger), sauer og
geiter. Kyrne var kvite med svarte roser,
geitene var kvite med blå halsar.
Flyttelasset tok dei med ned heile Stordalen.
Dei hadde med innbo, reiskap og klede, og dei
hadde minst to born. Frå Stordal
førte dei buskapen opp Hovslia, over
Vinjeeggja til Dyrkornsætra, ei stigning
på omlag 600 m. Innbo og reiskap tok dei
truleg sjøvegen.
Kvifor flytte til
Fjelle?
Ein kan undre seg over kvifor dei flytta
akkurat til Fjelle. Kristian Almås i
Stordal Sogelag trur at Ola kanskje kom
frå Fjelle. Det er mogleg at foreldre hans
var gamle eller døde, og bruket var ledig.
Andre grunnar kan vere at det er mykje kortare
vintrar, lang beitetid og dermed går det
med mindre vinterfor, og ein kunne fiske i
sjøen.
Og korleis gjekk det med Kjersti og Ola? Ikkje
så bra. Det vert fortald at 6 av 7 kyr
døydde av raudsott, ein slags
lungesjukdom,og gaupa tok 8 geit i løpet
av ei natt.
Kva meir veit vi om
familien?
Kjersti og Ola hadde ein son, Simon, som tok
over eit bykselbruk i Stordalen, Simagarden.
Han gifte seg med Anne Leite, og fekk sonen
Ola. Ola gifta seg med Olave Larsdotter, og dei
flytta tilbake til Fokhaugen på
1760-talet. Ca 1780 flytta dei til Viset og
fann seg eit bruk der.
I Ørskog-boka vert det sagt at Ola og
Kjersti flytte frå Fjelle til Viset. Det
er mogleg dei vart gamle og ikkje kunne bu
på Fjelle lenger, og flytta derfor til
barnebarnet sitt, Ola Simonsen.
Så set vi der, 4-500 meter over
Storfjorden, ser på ein flott solnedgang
og tenkjer på Ola og Kjersti som ein gong
budde på desse gjengrodde tuftene. At her
ein gong var lys i vindauga, skrål
frå ungar, raut av kyr og over det heile
låg håpet om eit enklare liv. Takk
til Kristian Almås og Jan Helland for
levande framstilling av ei fasinerande
historie.
Turlaget fortsatte så vidare ut til
Hallvardsætra over Vaksvika. Opphaldet
på fasinerande Fjelle hadde vart så
lenge at det var mørkt før vi kom
nedatt.
Fakta:
Dato: onsdag 8. september
Tidsbruk: ca. 3 timar
Antal deltakarar: 18
Sjå fleire bilder i
bildegalleriet