Tur 11: Fjelle

Stordal Turlag hadde tur til tuftene av garden Fjelle, som ligg omlag rett over Kokarsteinen ved Dyrkorn. Turlaget held fram historia om Ola og Kjersti som flytta frå Fokhaugen til ytst på Dyrkorn. Fyrste turen var til Fokhaugtuftene i byrjinga av juni.

Turen starta frå Lia, høgt oppe i Dyrkornbygda, gjekk via tuftene på Fjelle til Halvardsætra på Viset. Det var 17 som var med på turen, både Stordalingar, Ørskogbygdarar og Ålesundarar.

Turleiar Jan Helland er ein av fleire som har rydda både tuftene og rås fram til denne litt uframkomelege plassen. Han hadde også, saman med Kristian Almås, gravd litt i historia, noko som var særs interessant. Den vert gjengitt her.

Fokhaugfolket – Kjersti og Ola
Historia starta på Fokhaugane, der Ola og Kjersti budde for 300 år sidan. Det var langt til fjells, med lange vintrar og mykje rovdyr. Samtidig ligg Fokhaugen sentralt plassert mellom bygdene Stordal, Tresfjord, Innfjorden, Måndalen og Valldal. I 1701 er det nemnt at det var to brukarar på Fokhaugen. Nils, 56 år og Peder, 54 år. Kanskje var desse brødre. Ola og Kjersti kom truleg etter desse.

Ein trur at paret flytta frå Fokhaugen på 1720-talet, kanskje på grunn av dei lange vintrane, 7-8 månader i året. Men det var ikkje fattigfolk som flytta derifrå, når vi ser på dyreflokken. Det vart fortalt at dei hadde 12 klauvnaut(kyr, kalvar og kviger), sauer og geiter. Kyrne var kvite med svarte roser, geitene var kvite med blå halsar.

Flyttelasset tok dei med ned heile Stordalen. Dei hadde med innbo, reiskap og klede, og dei hadde minst to born. Frå Stordal førte dei buskapen opp Hovslia, over Vinjeeggja til Dyrkornsætra, ei stigning på omlag 600 m. Innbo og reiskap tok dei truleg sjøvegen.

Kvifor flytte til Fjelle?
Ein kan undre seg over kvifor dei flytta akkurat til Fjelle. Kristian Almås i Stordal Sogelag trur at Ola kanskje kom frå Fjelle. Det er mogleg at foreldre hans var gamle eller døde, og bruket var ledig. Andre grunnar kan vere at det er mykje kortare vintrar, lang beitetid og dermed går det med mindre vinterfor, og ein kunne fiske i sjøen.

Og korleis gjekk det med Kjersti og Ola? Ikkje så bra. Det vert fortald at 6 av 7 kyr døydde av raudsott, ein slags lungesjukdom,og gaupa tok 8 geit i løpet av ei natt.

Kva meir veit vi om familien?
Kjersti og Ola hadde ein son, Simon, som tok over eit bykselbruk i Stordalen, Simagarden. Han gifte seg med Anne Leite, og fekk sonen Ola. Ola gifta seg med Olave Larsdotter, og dei flytta tilbake til Fokhaugen på 1760-talet. Ca 1780 flytta dei til Viset og fann seg eit bruk der.

I Ørskog-boka vert det sagt at Ola og Kjersti flytte frå Fjelle til Viset. Det er mogleg dei vart gamle og ikkje kunne bu på Fjelle lenger, og flytta derfor til barnebarnet sitt, Ola Simonsen.

Så set vi der, 4-500 meter over Storfjorden, ser på ein flott solnedgang og tenkjer på Ola og Kjersti som ein gong budde på desse gjengrodde tuftene. At her ein gong var lys i vindauga, skrål frå ungar, raut av kyr og over det heile låg håpet om eit enklare liv. Takk til Kristian Almås og Jan Helland for levande framstilling av ei fasinerande historie.

Turlaget fortsatte så vidare ut til Hallvardsætra over Vaksvika. Opphaldet på fasinerande Fjelle hadde vart så lenge at det var mørkt før vi kom nedatt.

Fakta:
Dato: onsdag 8. september
Tidsbruk: ca. 3 timar
Antal deltakarar: 18

Sjå fleire bilder i bildegalleriet



-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as