Heile 21 personar vart med Stordal Turlag
på tur på Litleskorkja og
Rolvsbotnskorkja søndag 5. september.
Desse fjella ligg på grensa mellom Stordal
og Tresfjord i Langsæterområdet.
Veret var flott, så alt låg tilrette
for ein haustleg topptur av dei sjeldne.
Vi starta frå Pusken mot Kleivabotnen. Fin
tur, men litt myrete og vått. Etter ein
rast ved Kleivavatnet, byrja stigninga mot
Litleskorkja, 1164 m.o.h. Det var mykje ulend
terreng og ikkje noko merka rås. Det viste
seg etterkvart ei flott utsikt til Tresfjorden
og Molde, til og med Nyhamna på Aukra
kunne skimtast i det fjerne.
Rolvsbotnskorkja på 1333 høgdemeter
trona over oss. Når ein ser nedanfrå,
ser det litt brattare ut enn det faktisk er.
Mykje av turen går i ur. Siste biten
før toppen har eit noko brattare parti der
ein må klyvje litt. Det var god merking
her. Det gjekk bra, alle kom seg til topps. Her
viste det seg ei utruleg utsikt til
Sunnmøre sin fjellverden. Ørastolen i
sør, Dyrdalstind og Fokhaugtind i vest,
Litle- og Storskorkja i nord og Lauparen og det
taggete Brudefølgje i aust. Dei med
kikkert kunne rapportere om mykje folk på
toppar rundtomkring. Det var nok mange som
nytta nok denne flotte haustdagen til
toppturar.
Fakta:
Dato: søndag 5. september
Tidsbruk: ca. 7 timar
Antal deltakarar: 21
Sjå fleire bilder i
bildegalleriet