Rolvsbotnskorkja

Heile 21 personar vart med Stordal Turlag på tur på Litleskorkja og Rolvsbotnskorkja søndag 5. september. Desse fjella ligg på grensa mellom Stordal og Tresfjord i Langsæterområdet. Veret var flott, så alt låg tilrette for ein haustleg topptur av dei sjeldne.

Vi starta frå Pusken mot Kleivabotnen. Fin tur, men litt myrete og vått. Etter ein rast ved Kleivavatnet, byrja stigninga mot Litleskorkja, 1164 m.o.h. Det var mykje ulend terreng og ikkje noko merka rås. Det viste seg etterkvart ei flott utsikt til Tresfjorden og Molde, til og med Nyhamna på Aukra kunne skimtast i det fjerne.

Rolvsbotnskorkja på 1333 høgdemeter trona over oss. Når ein ser nedanfrå, ser det litt brattare ut enn det faktisk er. Mykje av turen går i ur. Siste biten før toppen har eit noko brattare parti der ein må klyvje litt. Det var god merking her. Det gjekk bra, alle kom seg til topps. Her viste det seg ei utruleg utsikt til Sunnmøre sin fjellverden. Ørastolen i sør, Dyrdalstind og Fokhaugtind i vest, Litle- og Storskorkja i nord og Lauparen og det taggete Brudefølgje i aust. Dei med kikkert kunne rapportere om mykje folk på toppar rundtomkring. Det var nok mange som nytta nok denne flotte haustdagen til toppturar.

Fakta:
Dato: søndag 5. september
Tidsbruk: ca. 7 timar
Antal deltakarar: 21

Sjå fleire bilder i bildegalleriet



-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as