Vindblåst tur.
Fjørå har ei fantastisk utsikt over
fjorden når ein kjem oppgjennom bygda. Med
utgangspunkt frå den øvste garden
Hauge, gjekk vi skogsvegen opp til
Nysætra. Vegen er godt skilta.
Vi var ti personar med på turen, og hadde
alliert oss med to Valldalingar til å vere
turleiarar. Frå Nysætra går det
litt bratt rås oppover mot Mefjellet.
Dette er ein av dei råsene, der ein ikkje
ser toppen før ein er nesten framme.
Råsa ser ut til å gå rett til
himmels.
Det var ok ver denne dagen, men det bles godt
når vi kom over tregrensa. Her er det vi
skal huske fjellvettreglel nr. 4; ”Ver
rusta mot uver og kulde sjølv på
korte turar. Ha alltid med ryggsekk og det
utstyret fjellet krever”. Heldigvis slapp
vi å grave oss ned...
Vi brukte ein time og eit kvarter til toppen,
der vi trykte oss saman og fekk i oss litt
næring. Det vart rask gange nedatt,
sjølv om det kunne vore ønskeleg
å stoppe litt på for å nyte
utsikta. For fantastisk utsikt er det frå
Mefjellet. Ein ser Norddalsfjorden på eine
sida, og snur ein seg hin vegen, ser ein
Seljebotstinden, det høgaste fjellet i
Stordal Kommune. Det er også utsikt ned
mot øvste Valldal og Syltefjellet.
Fakta:
Dato: onsdag 19. august
Tidsbruk: ca. 2,5 timar
Antal deltakarar: 10
Sjå fleire bilder i
bildegalleriet