Tur 7: Mefjellet

Vindblåst tur.

Fjørå har ei fantastisk utsikt over fjorden når ein kjem oppgjennom bygda. Med utgangspunkt frå den øvste garden Hauge, gjekk vi skogsvegen opp til Nysætra. Vegen er godt skilta.

Vi var ti personar med på turen, og hadde alliert oss med to Valldalingar til å vere turleiarar. Frå Nysætra går det litt bratt rås oppover mot Mefjellet. Dette er ein av dei råsene, der ein ikkje ser toppen før ein er nesten framme. Råsa ser ut til å gå rett til himmels.

Det var ok ver denne dagen, men det bles godt når vi kom over tregrensa. Her er det vi skal huske fjellvettreglel nr. 4; ”Ver rusta mot uver og kulde sjølv på korte turar. Ha alltid med ryggsekk og det utstyret fjellet krever”. Heldigvis slapp vi å grave oss ned...

Vi brukte ein time og eit kvarter til toppen, der vi trykte oss saman og fekk i oss litt næring. Det vart rask gange nedatt, sjølv om det kunne vore ønskeleg å stoppe litt på for å nyte utsikta. For fantastisk utsikt er det frå Mefjellet. Ein ser Norddalsfjorden på eine sida, og snur ein seg hin vegen, ser ein Seljebotstinden, det høgaste fjellet i Stordal Kommune. Det er også utsikt ned mot øvste Valldal og Syltefjellet.

Fakta:
Dato: onsdag 19. august
Tidsbruk: ca. 2,5 timar
Antal deltakarar: 10

Sjå fleire bilder i bildegalleriet



-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as