Klar til tur
Lauparen er grensefjellet mellom Ørskog,
Stordal og Vestnes, og sjølve toppen
på 1434 m.o.h. reknar ein til Ørskog
kommune.
Inn til Grytavatnet
Heile 19 stykker hadde møtt opp på
Grytalisætra i Vaksvika. Turen inn til
Grytavatnet tok 1 time, på godt oppmerka
rås(pass berre på å følg
skilta!) Grytavatnet låg idyllisk innhylla
i ein svak dis. To personar rodde over
blikkstille vatn, og nokon hadde overnatta i
lavvoar.
Vi hadde ein rask kvil, før stigninga opp
Trongbotnen. Skoddedottane seig forbi, så
vi såg også sola innimellom. Turen
opp til skaret mellom Trongbotnen og
Jasvollbotnen, gjekk gjennom ur og stein. Vi
tok matpause på dette flate partiet;
resten av turen til topps er temmeleg bratt.
Bratt oppstigning
Vi kryssa ein snøbre, og etter det gjekk
det rett oppover. Det er mykje laus stein,
så ein bør trø forsiktig om ein
har folk bak seg. Siste partiet før toppen
er ei trong og bratt passasje der ein må
klyve. Vi sender ei takk til dei som laga
rekkverk på dette partiet. Det gjekk bra,
alle kom seg til topps. 2 – 2,5 timar
brukte vi opp frå Grytavatnet.
Utsikt
Skodda hadde dessverre komt sigande igjen,
så det vart ikkje noko utsikt å
sjå. Vanlegvis vil ein ha ei fantastisk
utsikt, frå Sunnmørsalpane og ut til
havet, Molde og Romsdalssida. Ein bra grunn til
å ta seg ein tur til...
Randers
Vi tek med den fasinerande turbeskrivelsen til
Kristofer Randers, anno 1890. Legg spesielt
merke til det han skriv om damene...
-- Bestiges fra Søholt eller Vaksvik over
Grytlisæteren, hvortil der gaar
kjørevei. Fra sæteren gaar man 4 km.
jævnt opover en lyngdækket motil
Grytlivandet, der ligger 2050 f. over havet, og
stiger saa opover fjeldsiden til venstre. Selve
opstigningen, der altsaa blot er 2560 f.
høi, er temmelig brat, men ikke vanskelig,
og har ogsaa været foretaget af damer. Sne
træffes ikke hverken underveis eller paa
toppen, der er bedækket med ur, og hvor
der er reist en varde. Mod øst
strækker sig en skarp egg, som man kan gaa
ud paa, hvis man ikke er svimmel.
Udsigten fra Lauparen er meget vid og vakker.
Mod øst ser man tydeligt de smukke tinder
i Romsdalen (Vengetinderene, Troldtinderne og
Romsdalshorn) ; mod sydvest - over Stranden -
tinderne om den indre del af Hjørundfjord,
hvor navnlig Jagta træder karakteristisk
frem ; og ret i nord ligger dybt nede den
smilende Tresfjord samt Fanestranden og Molde
paa den anden side af Romsdalsfjorden. --
Fakta:
Dato: søndag 9. august
Tidsbruk: ca. 5,5 timar
Antal deltakarar: 19
Sjå fleire bilder i
bildegalleriet