Tur 6: Lauparen

Klar til tur

Lauparen er grensefjellet mellom Ørskog, Stordal og Vestnes, og sjølve toppen på 1434 m.o.h. reknar ein til Ørskog kommune.

Inn til Grytavatnet

Heile 19 stykker hadde møtt opp på Grytalisætra i Vaksvika. Turen inn til Grytavatnet tok 1 time, på godt oppmerka rås(pass berre på å følg skilta!) Grytavatnet låg idyllisk innhylla i ein svak dis. To personar rodde over blikkstille vatn, og nokon hadde overnatta i lavvoar.

Vi hadde ein rask kvil, før stigninga opp Trongbotnen. Skoddedottane seig forbi, så vi såg også sola innimellom. Turen opp til skaret mellom Trongbotnen og Jasvollbotnen, gjekk gjennom ur og stein. Vi tok matpause på dette flate partiet; resten av turen til topps er temmeleg bratt.

Bratt oppstigning

Vi kryssa ein snøbre, og etter det gjekk det rett oppover. Det er mykje laus stein, så ein bør trø forsiktig om ein har folk bak seg. Siste partiet før toppen er ei trong og bratt passasje der ein må klyve. Vi sender ei takk til dei som laga rekkverk på dette partiet. Det gjekk bra, alle kom seg til topps. 2 – 2,5 timar brukte vi opp frå Grytavatnet.

Utsikt

Skodda hadde dessverre komt sigande igjen, så det vart ikkje noko utsikt å sjå. Vanlegvis vil ein ha ei fantastisk utsikt, frå Sunnmørsalpane og ut til havet, Molde og Romsdalssida. Ein bra grunn til å ta seg ein tur til...

Randers

Vi tek med den fasinerande turbeskrivelsen til Kristofer Randers, anno 1890. Legg spesielt merke til det han skriv om damene...

-- Bestiges fra Søholt eller Vaksvik over Grytlisæteren, hvortil der gaar kjørevei. Fra sæteren gaar man 4 km. jævnt opover en lyngdækket motil Grytlivandet, der ligger 2050 f. over havet, og stiger saa opover fjeldsiden til venstre. Selve opstigningen, der altsaa blot er 2560 f. høi, er temmelig brat, men ikke vanskelig, og har ogsaa været foretaget af damer. Sne træffes ikke hverken underveis eller paa toppen, der er bedækket med ur, og hvor der er reist en varde. Mod øst strækker sig en skarp egg, som man kan gaa ud paa, hvis man ikke er svimmel.

Udsigten fra Lauparen er meget vid og vakker. Mod øst ser man tydeligt de smukke tinder i Romsdalen (Vengetinderene, Troldtinderne og Romsdalshorn) ; mod sydvest - over Stranden - tinderne om den indre del af Hjørundfjord, hvor navnlig Jagta træder karakteristisk frem ; og ret i nord ligger dybt nede den smilende Tresfjord samt Fanestranden og Molde paa den anden side af Romsdalsfjorden. --

Fakta:
Dato: søndag 9. august
Tidsbruk: ca. 5,5 timar
Antal deltakarar: 19

Sjå fleire bilder i bildegalleriet



-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as