Det finst ikkje dårleg vêr...
Trass i temmeleg surt vêr, møtte 12
entusiastiske turgåarar opp denne kvelden.
Vi gjekk opp skogsvegen og vidare etter
råsa. Skogsvegen er brattaste stigninga
på denne turen, Nedbøren hadde
ført til at råsa var veldig våt,
meir som ein bekk.
Etter temmeleg rask gange, kom vi etter 40
minutter opp til Botnastølen. Snøven
låg langt ned i fjella. Det vart ein kort
pause med innskriving i boka, før vi gjekk
nedatt same vegen.
Fakta:
Dato: onsdag 3. juni
Tidsbruk: ca. 2 timar
Antal deltakarar: 12
Sjå fleire bilder i
Bildegalleriet