Tur 3: Jasvollbotnen

Det finst ikkje dårleg vêr...

Trass i temmeleg surt vêr, møtte 12 entusiastiske turgåarar opp denne kvelden. Vi gjekk opp skogsvegen og vidare etter råsa. Skogsvegen er brattaste stigninga på denne turen, Nedbøren hadde ført til at råsa var veldig våt, meir som ein bekk.

Etter temmeleg rask gange, kom vi etter 40 minutter opp til Botnastølen. Snøven låg langt ned i fjella. Det vart ein kort pause med innskriving i boka, før vi gjekk nedatt same vegen.

Fakta:
Dato: onsdag 3. juni
Tidsbruk: ca. 2 timar
Antal deltakarar: 12

Sjå fleire bilder i Bildegalleriet



-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as