Liasætra i Liabygda
15 personar møtte opp klare for tur. Det
hadde vore ei regnskur rett før start, men
turen gjekk i kjempefint ver.
Vi kjøyrde til ein skogsveg rett før
Lehammaren. Første delen gjekk på
skogsveg, men så tok vi av inn på ei
rås. Terrenget var slakt, og lett å
gå. Opp til Liasætra tok det omlag 45
minutt. Vi passerte det idylliske vatnet som
var drikkevasskjelda til Liabygdarane før.
Etter ein pause på Liasætra, gjekk vi
vidare mot Nakkesætra. Denne var tidlegare
sætra til Overågardane, men vart
flytta av ukjend årsak. Det er ikkje noko
restar att av denne sætra, folk veit berre
omtrentleg kvar den låg. Vi følgde
råsa mot Liahornet, men tok av etter ei
stund. På eit parti var det vanskeleg
å sjå noko rås, men etterkvart
kom vi inn på skogsvegen som førte
oss tilbake til utgansgspunktet.
Fakta:
Dato: onsdag 20. mai
Tidsbruk: ca. 2 timar
Antal deltakarar: 15
Sjå fleire bilder i
bildegalleriet