Tur 2: Liasætra/Nakkesætra

Liasætra i Liabygda

15 personar møtte opp klare for tur. Det hadde vore ei regnskur rett før start, men turen gjekk i kjempefint ver.

Vi kjøyrde til ein skogsveg rett før Lehammaren. Første delen gjekk på skogsveg, men så tok vi av inn på ei rås. Terrenget var slakt, og lett å gå. Opp til Liasætra tok det omlag 45 minutt. Vi passerte det idylliske vatnet som var drikkevasskjelda til Liabygdarane før.

Etter ein pause på Liasætra, gjekk vi vidare mot Nakkesætra. Denne var tidlegare sætra til Overågardane, men vart flytta av ukjend årsak. Det er ikkje noko restar att av denne sætra, folk veit berre omtrentleg kvar den låg. Vi følgde råsa mot Liahornet, men tok av etter ei stund. På eit parti var det vanskeleg å sjå noko rås, men etterkvart kom vi inn på skogsvegen som førte oss tilbake til utgansgspunktet.

Fakta:
Dato: onsdag 20. mai
Tidsbruk: ca. 2 timar
Antal deltakarar: 15

Sjå fleire bilder i bildegalleriet



-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as