Tur langs elva
20 ivrige turgåarar trossa dårlege
vermeldinga, og var klare til tur. Litt
småregn, men som sagt; det finnast ikkje
dårleg ver...
Ingen av deltakaranehadde gått denne
råsa før, men den var rydda for eitt
eller to år sidan. Vi gjekk over
Kvammebrua og opp langs elva. Det var kjerreveg
eit stykke, og merka rås enno eit stykke
vidare. Terrenget var stort sett greitt, kun
nokre få opp- og nedoverbakkar. Litt
sleipt nokre stader, sidan det hadde regna. Vi
måtte klatre over i svær fonn som
hadde gått.
Lenger framme vart det vansklegare å finne
råsa. Det var spesielt i områder med
trefelling og på nokre sletter. Men med
godt samarbeid, greidde vi å finne den
igjen. Landskapet var prega av ein del urskog,
gamle tre og graskledd skogbotn. Tydeleg at det
ikkje ferdast så mange akkurat her.
Frå Mo var råsa lett å fylgje,
og turen enda på Løset.
Fakta:
Dato: onsdag 6. mai
Tidsbruk: ca. 2 timar
Antal deltakarar: 20
Sjå fleire bilder i
bildegalleriet