Tur 1: Kvammen - Løset

Tur langs elva

20 ivrige turgåarar trossa dårlege vermeldinga, og var klare til tur. Litt småregn, men som sagt; det finnast ikkje dårleg ver...

Ingen av deltakaranehadde gått denne råsa før, men den var rydda for eitt eller to år sidan. Vi gjekk over Kvammebrua og opp langs elva. Det var kjerreveg eit stykke, og merka rås enno eit stykke vidare. Terrenget var stort sett greitt, kun nokre få opp- og nedoverbakkar. Litt sleipt nokre stader, sidan det hadde regna. Vi måtte klatre over i svær fonn som hadde gått.

Lenger framme vart det vansklegare å finne råsa. Det var spesielt i områder med trefelling og på nokre sletter. Men med godt samarbeid, greidde vi å finne den igjen. Landskapet var prega av ein del urskog, gamle tre og graskledd skogbotn. Tydeleg at det ikkje ferdast så mange akkurat her.

Frå Mo var råsa lett å fylgje, og turen enda på Løset.

Fakta:
Dato: onsdag 6. mai
Tidsbruk: ca. 2 timar
Antal deltakarar: 20

Sjå fleire bilder i bildegalleriet



-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as