Ein tur der målet ikkje var satt, før
vi var der...
Det vart litt omlegging i planane på denne
turen. Eigentleg skuille turen gå til
Fjelde, men ”speidarane” til
turlaget hade vore der på førehand,
og ikkje funne staden. Dermed vart turen lagt
til Vikahornet.
Det er bomveg opp til Dyrkornvatnet. Det er
litt vanskeleg å finne byrjinga på
råsa, i hovudsak er det å følgje
vegen opp Vikastølen, halde til venstre og
gå bakom øverste og siste hytta.
Råsa er tydeleg og lett å
følgje. Her er det litt stigning. Turen
til Vikahornet tok ein halv time.
Turfolket syntes dette var litt kort tur, og
bestemde seg for å gå i retning
Varden. Råsa er tildels bratt oppover.
Dyrkornvatnet er ned til venstre, og etterkvart
vil ein sjå Stamnesvatnet til høgre
for seg. Sjølv om det er ei luftig rute,
er det ikkje skummelt å gå. Etter vel
ein time, var vi oppe på Varden. Her er
utsynet bratt ned i Stordalen. Ei trollsk
skodde rulla så vidt forbi.
Dei som ikkje hadde bilar, gjekk ned tii
Hovsnakken, og vidare ned til Hovslia. Resten
av gjengen tok turen tilbake til Dyrkorn.
Fakta:
Dato: onsdag 20. august
Tidsbruk: ca. 3,5 timar
Antal deltakarar: 9
Sjå fleire bilder i Bildegalleriet
Tekst og foto: Ruth Janne Vinje