Tur nr. 7: Vikahornet – Varden

Ein tur der målet ikkje var satt, før vi var der...

Det vart litt omlegging i planane på denne turen. Eigentleg skuille turen gå til Fjelde, men ”speidarane” til turlaget hade vore der på førehand, og ikkje funne staden. Dermed vart turen lagt til Vikahornet.

Det er bomveg opp til Dyrkornvatnet. Det er litt vanskeleg å finne byrjinga på råsa, i hovudsak er det å følgje vegen opp Vikastølen, halde til venstre og gå bakom øverste og siste hytta. Råsa er tydeleg og lett å følgje. Her er det litt stigning. Turen til Vikahornet tok ein halv time.

Turfolket syntes dette var litt kort tur, og bestemde seg for å gå i retning Varden. Råsa er tildels bratt oppover. Dyrkornvatnet er ned til venstre, og etterkvart vil ein sjå Stamnesvatnet til høgre for seg. Sjølv om det er ei luftig rute, er det ikkje skummelt å gå. Etter vel ein time, var vi oppe på Varden. Her er utsynet bratt ned i Stordalen. Ei trollsk skodde rulla så vidt forbi.

Dei som ikkje hadde bilar, gjekk ned tii Hovsnakken, og vidare ned til Hovslia. Resten av gjengen tok turen tilbake til Dyrkorn.

Fakta:
Dato: onsdag 20. august
Tidsbruk: ca. 3,5 timar
Antal deltakarar: 9

Sjå fleire bilder i Bildegalleriet

   
   

Tekst og foto: Ruth Janne Vinje



-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as