Turen starta frå Langhaugen. Hildegunn
Berlid var turleiar. Råsa var ikkje lett
å finne heil tida, og det hadde vorte
vanskeleg utan nokon som var kjent.
Første etappe gjekk opp til varden i
Geitabotnen. Hit brukte vi vel ein time. Det
vart ein liten kvil, og Hildegunn kunne
fortelle om fjella rundt oss. Skodda låg
ned i fjella, men heldigvis letta den
etterkvart vi gjekk oppover. Til Kviteggja
brukte vi enno to timar. Sjølve eggja var
ganske smal og går mellom Seljebotnen og
Talbergsbotnen. Frå toppen kunne vi
dessutan sjå oppover til Langsætrane,
over til Jøsvollbotnen og nedover
Stordalen. I tillegg var veret strålande,
og det var ikkje ein vindpust på toppen.
Nedatt gjekk vi mot Nakkeskrea. Det var ganske
mykje ur på denne sida av toppen. Lenger
nede måtte vi gjennom krattskogen, og noko
skikkeleg rås var det ikkje. Vi baska oss
gjennom skogen tilbake til Langhaugen.
Fakta:
Dato: søndag 7. september
Tidsbruk: ca. 6 timar
Antal deltakarar: 11
Fleire bilder - sjå Bildegalleriet