Tur 9: Kviteggja 1311 moh.

Turen starta frå Langhaugen. Hildegunn Berlid var turleiar. Råsa var ikkje lett å finne heil tida, og det hadde vorte vanskeleg utan nokon som var kjent.

Første etappe gjekk opp til varden i Geitabotnen. Hit brukte vi vel ein time. Det vart ein liten kvil, og Hildegunn kunne fortelle om fjella rundt oss. Skodda låg ned i fjella, men heldigvis letta den etterkvart vi gjekk oppover. Til Kviteggja brukte vi enno to timar. Sjølve eggja var ganske smal og går mellom Seljebotnen og Talbergsbotnen. Frå toppen kunne vi dessutan sjå oppover til Langsætrane, over til Jøsvollbotnen og nedover Stordalen. I tillegg var veret strålande, og det var ikkje ein vindpust på toppen.

Nedatt gjekk vi mot Nakkeskrea. Det var ganske mykje ur på denne sida av toppen. Lenger nede måtte vi gjennom krattskogen, og noko skikkeleg rås var det ikkje. Vi baska oss gjennom skogen tilbake til Langhaugen.

Fakta:
Dato: søndag 7. september
Tidsbruk: ca. 6 timar
Antal deltakarar: 11

Fleire bilder - sjå Bildegalleriet



-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as