Tur gjennom årstider
Turen starta frå Mo, der vi følgde
gamlevegen fram til Stampa på Jøvoll.
Der er det bru over elva. På andre sida
gjekk vi gjennom det som hadde vore stølen
til Jøsvollgardane, i følge turleiar
Hildegunn Langhaug Berli.
Turen gjekk gjennom skog på godt merka og
rydda rås. Vi måtte gjennom tuna
på Talberg og Nakken. Faret etter det
store raset ved Talberg i 1966 var framleis
mogleg å sjå, i form av eit
blankskura elvefar. Etter Nakken kom dei
første snøflekkane til synes, og litt
meir blei det etterkvart som vi nærma oss
Langhaugen, spesielt då i juva.
Vêret var skya ved starten, og ein del
regn undervegs. Skilnaden var stor på dei
vårlege tendensane på Mo til
Langhaugen der lauvet så vidt hadde byrja
å sprette ut.
Fakta:
Dato: onsdag 21. mai
Tidsbruk: ca. 2,5 timer
Antal deltakarar: 23
Sjå fleire bilder i Bildegalleriet
Tekst og foto: Ruth Janne Vinje