Tur 2:Jøsvoll-Langhaug

Tur gjennom årstider

Turen starta frå Mo, der vi følgde gamlevegen fram til Stampa på Jøvoll. Der er det bru over elva. På andre sida gjekk vi gjennom det som hadde vore stølen til Jøsvollgardane, i følge turleiar Hildegunn Langhaug Berli.

Turen gjekk gjennom skog på godt merka og rydda rås. Vi måtte gjennom tuna på Talberg og Nakken. Faret etter det store raset ved Talberg i 1966 var framleis mogleg å sjå, i form av eit blankskura elvefar. Etter Nakken kom dei første snøflekkane til synes, og litt meir blei det etterkvart som vi nærma oss Langhaugen, spesielt då i juva.

Vêret var skya ved starten, og ein del regn undervegs. Skilnaden var stor på dei vårlege tendensane på Mo til Langhaugen der lauvet så vidt hadde byrja å sprette ut.

Fakta:
Dato: onsdag 21. mai
Tidsbruk: ca. 2,5 timer
Antal deltakarar: 23

Sjå fleire bilder i Bildegalleriet

Tekst og foto: Ruth Janne Vinje



-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as