Det var 14 stykker på denne turen.
Turen gjekk frå Mo opp på
Mosætra, eit ganske bratt stykke.
Derifrå losa Tora Moe oss over Moheia til
Jasvollbotnen gjennom skodda. Råsa opp til
Mosætra er mykje brukt og lett å
fylgje. Verre var det over Moheia. Det var
skilta, men dessverre mykje attvokse med
bregner. Lenger oppe var det slutt på tre
og busker, men der gjorde skodda sitt til at
det var vanskeleg å fylgje råsa. Det
var ikkje så bratt dette siste stykke,
verken på Mo eller Jasvollsida.
Vi fekk tips om å fortsette oppover til
Storheimshornet frå Moheia, noko som vil
gi oss ei svimlande utsikt ned på
Storheim.
På Jasvollsætra byrja det å
regne, og turlaget var ganske blaute på
heimatturen. Vi gjekk ikkje over elva, men
fylgde råsa til Josætra, og vidare
skogsveien attende til Mo.
Fakta:
Dato: onsdag 8. august
Tidsbruk: 3,5 timar
Antal deltakarar: 14
GPS-registrering:
Innskriving i turboka på
Mosætra
|
I skodda på Moheia
|
På veg ned til
Jasvollbotnen
|
Turlaget på
Jasvollsætra
|