Tur 5: Moheia

Det var 14 stykker på denne turen.

Turen gjekk frå Mo opp på Mosætra, eit ganske bratt stykke. Derifrå losa Tora Moe oss over Moheia til Jasvollbotnen gjennom skodda. Råsa opp til Mosætra er mykje brukt og lett å fylgje. Verre var det over Moheia. Det var skilta, men dessverre mykje attvokse med bregner. Lenger oppe var det slutt på tre og busker, men der gjorde skodda sitt til at det var vanskeleg å fylgje råsa. Det var ikkje så bratt dette siste stykke, verken på Mo eller Jasvollsida.

Vi fekk tips om å fortsette oppover til Storheimshornet frå Moheia, noko som vil gi oss ei svimlande utsikt ned på Storheim.

På Jasvollsætra byrja det å regne, og turlaget var ganske blaute på heimatturen. Vi gjekk ikkje over elva, men fylgde råsa til Josætra, og vidare skogsveien attende til Mo.

Fakta:
Dato: onsdag 8. august
Tidsbruk: 3,5 timar
Antal deltakarar: 14
GPS-registrering:

Innskriving i turboka på Mosætra

I skodda på Moheia

På veg ned til Jasvollbotnen

Turlaget på Jasvollsætra



-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as