Vi tok turen til Liabygda for den fjerde turen
for sesongen. Oppmøtet var på 13
stykker, mogleg at det foreståande
Stordalscup ”stal” litt av
turgåarane denne gongen.
Bilane vart parkert ved fabrikken på
Ringset, og vi gjekk vegen opp til Ansok. Det
er også mogleg for eit mindre tal bilar
å parkere lenger oppe, der ein tek av til
Ansoksætra.
Vi fortsatte utover vegen, frå asfalt til
grusveg. Jan Helland var turleiar, og hadde
mykje interesant å fortelje om dei gardane
og sætrene vi passerte. Ved garden
Kleberget tok vi av på godt merka
rås. Vi hadde ein kort pause og beundra
utsikta frå Hammaren. Heldige er dei som
har hytte der...
Oppe på Klebergsætra var det ein
grann vind, så vi satte oss i ly eit
stykke nedanfor hyttene. Her var det og fin
utsikt over Storfjorden, inn Synnylvsfjorden og
til Stranda. Det var likevel ein del attgrodd
med tre, så ein måtte gå litt
”utpå” for å få
skikkeleg utsikt. To turistskip kom forbi
når vi sat der, m.a. Queen Elizabeth II,
på veg ut frå Geiranger.
Dei fleste syntes det var på tide å
kome seg heim, men dei aller argaste tok turen
opp til eit lite vatn, som Per-Jarle Matvik
kunne fortelje ei god historie om.
Ein flott tur med passande stigning heile
vegen. Fin for dei som ikkje vil slite seg ut,
men ønsker å gå eit stykke.
Råsa er godt merka heile vegen, og det er
umogleg å gå seg vill. Også eit
godt alternativ viss ein ønsker å
gå vidare, som t.d. til Holmesætra,
Fjelladalen eller til Ansoksætra.
Fakta:
Dato: onsdag 27. juni
Tidsbruk: 4 timar
Antal deltakarar: 13
GPS-registrering:
Turlaget går opp frå
Ansok
|
Jan Helland hadde mykje interesant
å fortelje om gardane vi
passerte
|
Kleberggarden
|
Hytta på Hammaren
|
Turgjengen med pause nedanfor
Klebergsætra
|
Utsikt mot Synnylvsfjorden
|