Tur 4: Kleberget, Hammaren og Klebergsætra

Vi tok turen til Liabygda for den fjerde turen for sesongen. Oppmøtet var på 13 stykker, mogleg at det foreståande Stordalscup ”stal” litt av turgåarane denne gongen.

Bilane vart parkert ved fabrikken på Ringset, og vi gjekk vegen opp til Ansok. Det er også mogleg for eit mindre tal bilar å parkere lenger oppe, der ein tek av til Ansoksætra.

Vi fortsatte utover vegen, frå asfalt til grusveg. Jan Helland var turleiar, og hadde mykje interesant å fortelje om dei gardane og sætrene vi passerte. Ved garden Kleberget tok vi av på godt merka rås. Vi hadde ein kort pause og beundra utsikta frå Hammaren. Heldige er dei som har hytte der...

Oppe på Klebergsætra var det ein grann vind, så vi satte oss i ly eit stykke nedanfor hyttene. Her var det og fin utsikt over Storfjorden, inn Synnylvsfjorden og til Stranda. Det var likevel ein del attgrodd med tre, så ein måtte gå litt ”utpå” for å få skikkeleg utsikt. To turistskip kom forbi når vi sat der, m.a. Queen Elizabeth II, på veg ut frå Geiranger.

Dei fleste syntes det var på tide å kome seg heim, men dei aller argaste tok turen opp til eit lite vatn, som Per-Jarle Matvik kunne fortelje ei god historie om.

Ein flott tur med passande stigning heile vegen. Fin for dei som ikkje vil slite seg ut, men ønsker å gå eit stykke. Råsa er godt merka heile vegen, og det er umogleg å gå seg vill. Også eit godt alternativ viss ein ønsker å gå vidare, som t.d. til Holmesætra, Fjelladalen eller til Ansoksætra.

Fakta:
Dato: onsdag 27. juni
Tidsbruk: 4 timar
Antal deltakarar: 13
GPS-registrering:

Turlaget går opp frå Ansok

Jan Helland hadde mykje interesant å fortelje om gardane vi passerte

Kleberggarden

Hytta på Hammaren

Turgjengen med pause nedanfor Klebergsætra

Utsikt mot Synnylvsfjorden



-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as