Det var godt oppmøte til turen, 23 stk.
Turen starta frå vegkrysset
Lia/Støversten i ei nyrydda merka rås
frå Lia utover mot Hallvardsfjellet. Turen
skulle gå ned til Fjelde, men det vart
ikkje gjordt, p.g.a. urydda/umerka rås.
På toppen av Hallvardsfjellet kom kom
skodda og hindra den kjempefine utsikta som er
der ifrå. Vidare gjekk turen til
Geitskaret og ned til Støversten.
Fin tur i nytt område for mange. Med
håp om meir rydda råser f.eks
frå Kokarsteinen og til Fjelde og vidare
oppover, anbefales denne turen til ein annan
gong.
Fakta:
Dato: onsdag 30. mai
Tidsbruk: ca. 2,5 timer
Antal deltakarar: 23
GPS-registrering: ok
Tekst: Kjell Magne Hove
Arr: Stordal Turlag