Tur 2: Fjelde

Det var godt oppmøte til turen, 23 stk. Turen starta frå vegkrysset Lia/Støversten i ei nyrydda merka rås frå Lia utover mot Hallvardsfjellet. Turen skulle gå ned til Fjelde, men det vart ikkje gjordt, p.g.a. urydda/umerka rås. På toppen av Hallvardsfjellet kom kom skodda og hindra den kjempefine utsikta som er der ifrå. Vidare gjekk turen til Geitskaret og ned til Støversten.

Fin tur i nytt område for mange. Med håp om meir rydda råser f.eks frå Kokarsteinen og til Fjelde og vidare oppover, anbefales denne turen til ein annan gong.

Fakta:
Dato: onsdag 30. mai
Tidsbruk: ca. 2,5 timer
Antal deltakarar: 23
GPS-registrering: ok

Tekst: Kjell Magne Hove
Arr: Stordal Turlag


Alle foto: Evy Vatne Joranger



-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as