Fiskeregler 2021
Nye retningslinjer for fiske etter anodrom
laksefisk i sjø og elv:
https://www.miljodirektoratet.no/aktuelt/nyheter/2021/mars-2021/her-er-de-nye-reglenefor-laksefiske/
Stordal Elveeigarlag har innført
Stordalskortet frå og med 2021.
Dette er eit forvaltingkort, , der alle,
også dei av grunneigarane som fiskar,
må betale inn eit eingongsbeløp på
kr 100.- til laget for å få fiske i
elva. Alt som kjem inn på dette
forvaltingskortet skal gå uavkorta til
habitat og kultiverings tiltak i
Stordalsvassdraget. Kortet skal betalast med
vipps til nr. 691141
Fangstrestriksjonar 2021
Sjøaure er freda og skal settast ut att. Det
er ikkje lov å bruke fang og slipp, catch
and release, på laks i elva for 2021
sesongen
Dei forskjellige soner har eit bestemt tall
på kor mange stenger det kan fiskast med for
den enkelte fiskerettshavar. Til eksempel kan
Jøsvoll og Hove fiske med 4 stenger.
Kvar av desse stengene blir heretter betegna som:
Ein fiskerett/stang/eit leigd kort.
Ein leigd fiskerett/stang/kort kan ikkje, av den
fiskaren som har leigd, overføre denne
fiskeretten til ein annan fiskar. Når dags,
veke eller sesongkvote er brukt opp, skal det
ikkje fiskast meir på denne fiskeretten,
denne sesongen. Grunneigar kan ikkje leige denne
ut på nytt til ein annan fiskar
Ein fiskerett kan leigast ut til fleire på
deling. Det er grunneigars rett til å velje
måten han vil leige ut på. MEN,
restriksjonane gjeng på fiskeretten og
må delast på dei som leiger
fiskeretten.
På kvar fiskerett/stang/leigd kort kan det
fiskast 1 laks på ei fiskeøkt opp til
16 timer – delt økt.
Og maks 2 laks på heil dag.
Det kan ikkje fiskast meir enn 2 laks pr
fiskerett/stang/leigd kort, pr veke.
Og maks 5 laks pr fiskerett/stang/leigd kort pr
sesong.
Det er innført ein personleg fangstkvote for
laks pr person på maks 5 laksar for sesongen
2021, uavhengig av kva sone du fiskar på.
|