Nyheiter
Referat frå Årsmøte -
Stordal Elveeigarlag
Nilsgardstunet 10. mars 2021 kl- 18.00
01. Val av møteleiar
Jarle Hove
02. Val av skrivar.
Johan B Øvrebust
03. Godkjenning av fullmakter
2 fullmakter levert inn og
godkjent
04. Godkjenning av innkalling og sakliste
Einstemmig
godkjent
05. Val av to til å signere protokoll
Harald Jøsvoll og Egil
Henden
06. Årsmelding
Einstemmig godkjent
07. Rekneskap, blir lagt fram
på møtet.
Disponible midlar pr no, mars 2021, er om lag kr
80.000.-
Einstemmig godkjent, med revisor sin
beretning.
08. Åpning av elva i 2021 Her vart
det eit tredelt vedtak. Sjå
vedlegg.
Opning av elva i juli, Einstemmig
vedtatt
Midtsesongevaluering og i høve det
er for lite fisk i elva til at
Gytebestandsmålet kan
oppnåast, Får styret mynde til
å stenge elva for fiske frå 20.07
Vedtatt mot ei stemme.
Fangstrestriksjonar, Einstemmig vedtatt,
med presiseringar. sjå vedlegg i sak
8
09. Aktivitetsplan for laget for
2021.Sjå
vedlegg.
Einstemmig godkjent, sjå vedlegg i
sak 9, for justert endring
10. Kultiveringsplan, ny frå 2021.
Arbeids utkast til var utsendt saman med
innkalling, som informasjon til medlemmane.
Einstemmig vedtak: Styret får
fullmakt til å arbeide vidare med planen
fram mot eit omframt møte, seinare i 2021.
Der laget må vedta ein kultiveringsplan for
elva
11. Godtgjerdsle, tillitsvalgte for 2021
Styret sitt forslag til vedtak. Samme som
tidlegare
Leiargodgjersle : Kr. 7500,- Styremedlemar : Kr.
300,- pr møte.
Einstemmig godkjent
12. Prosjekt, Tiltak gyteforbedring Rikjenda og
Vinjesanden 2021
Einstemmig vedtatt:
Årsmøtet gir mynde til styret
til å gjennomføre prosjektet om ein
får dei nødvendige godkjenningar
frå Statsforvaltaren, NVE og
grunneigarane.
Det er ein føresetnad at
nødvendig finansiering av dette er i orden,
før oppstart,
i form av tilvist / tildelt tilskot til
prosjektet.
13. Driftsplan, justering for 2021
Sjå vedlegg
Sjå vedlegg i sak 13, godkjent
driftsplan nokre endringar i høve utsendt
forslag
Skal sendast ut til alle medlemmar,
Namneliste på oppsyn, Mynde for
oppsyn
Einstemmig godkjent,
14. Endring i
medlemskontingent.
Einstemmig godkjent, auke i kontingent
frå og med 2021, frå kr 150 til kr
200
Innføring av Stordalskortet
Einstemmig godkjent, Laget skal
innføre Stordalskortet, eit forvaltingskort
der alle
som fiskar i elva. Også
grunneigarar, skal betale. Pris kr
100/person.
Inntekta skal gå uavkorta til
forvaltings/kultiveringstiltak i
elva
Styret får mynde til å bestemme
korleis dette kortet skal
innløysast
Her er det eit eige Vppsnr
691141
15. Budsjett for 2021,
Budsjett er lagt fram og godkjent med underskot.
Årsmøtet oppmoda styret til å
halde
fram med kultiveringsprosjekt som gir
tilskot/overskot til laget. Og at styret
søkjer på dei
tilskot som er tilgjengelege
Einstemmig godkjent
16. Val av nye tillitspersonar, og medlem/leiar
valnemnd.
Alle val var einstemmig.
1. Leiar for eit år. Jarle
Hove
2. Ny styremedlem for 2. år Jan Erik
vad
3. Attval på ny styremedlem for 2
år Egil Henden
4. Attval for ny varamedlem for eit
år Øyvind Tafjord
5. Revisorar, attval for eit år.
Leif Kirkebø og Jan Ove
Øvrebust
3 styremedlemmar var ikkje på val i
2021, og er på val i 2022
Stein Eric Solevåg, Kjell Mulelid og
Jarle Hove
Det vart gløymt å velje ein ny
medlem til Valnemnda for 3
år.
Harald Jøsvoll går ut av
valnemnda etter 3 år.
På omframt årsmøte seinare
i 2021, må det velgjast ein ny medlem for 3
år,
samt leiar for valnemnda for eit
år.
Det nye styret hadde konstituerande
styremøte i etterkant av
årsmøtet.
Nestleiar. Egil Henden
Kasserar. Kjell Mulelid
Sekretær. Jan Erik
Vad
Styremedlem. Stein Eric
Solevåg
Styret fekk honnør for det arbeidet
som var utført i meldingsåret
Stordal. 21.03.2021
Skrivar.
Johan B Øvrebust
For Stordal Elveeigarlag.
Jarle Hove
------------------------------------------------------------
Styret har gjort vedtak om stenging av elva for
sesongen 2020, med bakgrunn i gjeldande
driftsplan.
Dette vedtaket blir ståande inntil vi
får avholde årsmøte og stenging
kjem opp på eiga sak der.
Referat frå årsmøtet - 21.03.2019
møteleiar.
Vedtak : Jarle Hove
Sak 02 : Val av skrivar.
Vedtak : Jon Geir Selboskar
Sak 03 : Godkjenning av
innkalling og sakliste.
Vedtak : Samrøystes godkjend. Innkalling og
sakliste vart utsendt til medlemane på mail.
Liten
respons på ynskje om tilbakemelding. Har
også sendt ut SMS. Betre respons på
den.
Sak 04 : Godkjenning av
fullmakter.
Vedtak : Fullmakt frå Leif Jørgen Moger
til Harald Jøsvoll samrøystes godkjend.
Sak 05 : Val av to til å
signere møteprotokoll.
Vedtak : Johan B. Øvrebust og Harald
Jøsvoll.
Sak 06 : Årsmelding.
Vedtak : Samrøystes godkjend.
Sak 07 : Vurdering av
medlemskapet vårt i Norske Lakseelver og
Lakseelvane på Sunnmøre.
Vedtak : Etter orientering frå leiar vedtok
møtelyden å halde fram med medlemskap i
begge
organisasjonane.
Sak 08 : Rekneskap.
Vedtak : Per Ivar Skodjereite la fram
rekneskapen. Rekneskapsfører vil purre
på manglande
betaling av kontingent. Rekneskapen er
tilrådd godkjend av revisorane Jan Ove
Øvrebust og
Leif Kirkebøe. Rekneskapen for 2018
samrøystes godkjend.
Sak 09 : Aktivitetsplan.
Vedtak : Aktivitetsplanen for 2019
samrøystes godkjend.
Sak 10 : Driftsplan.
Delplan 1 vedteken med fylgjande tillegg i punkt
2:
Årsmøtet gir styret fullmakt
til å kunne utvide sesongen for Stavdal og
Jøsvoll, innenfor den offentlege
fisketidsramma, i det høve det viser seg at
der er bra med laks i elva, og GBM blir
oppnådd
Delplan 2 vedteken med tillegg i punkt 1,
Oppsyn.
Kvar sone oppnevner 1-2 representanter til felles
oppsyn for elva.
Avsnittet om snorkling skal ha fylgjande
overskrift :
«Snorkling og filming i elva for å
drage fordel av dette i fiskeøyemed.»
Delplan 3 vedteken med
tillegg,
Årsmøtet gir fullmakt til styret for
å utrede og evt starte arbeidet med
«naturleg kultivering»
Her vere seg fiske av hofisk i ordinær
sesong, mellombels lagring av denne, og
tilbakesetting av laks til elva etter
fiskesesongen. Utrede muligheita og starte opp
med «skjerma gyting» av laks i
sideelvar, for å skjerme rogn og 1-års
yngel mot store isferder
Ta kontakt opp mot NTNU, prøve å
få forskarar ved NTNU til å delta i
dette, gjennom muleg å få status som
pilotprosjekt
Endeleg vedtak : Årmøtet vedtek
Driftsplanen med dei tillegg som kjem fram
ovanfor.
Sak 11 : Godgjersle for
tillitsvalde.
Vedtak : Leiargodgjersle : Kr. 7500,-
Styremedlemar : Kr. 300,- pr møte.
Sak 12 : Budsjett.
Vedtak : Framlagde budsjett samrøystes
vedteke med tillegg av vedtak i sak 11.
Sak 13 : Val.
Vedtak :
Leiar : Jarle Hove, attval
Nestleiar : Egil Henden, attval
Kasserar : Per Ivar Skodjereite, attval
Sekretær : Johan B. Øvrebust, attval
Styremedlem : Stein Eric Solevåg, attval
Valnemnd : 1. Eldar Busengdal, leiar. 2. Harald
Jøsvoll. 3. Leif Rune Vinje.
…………………………………………………………………………………………………………………………………………………………….
Desse møtte på årsmøte :
Jarle Hove, Nils Tomas Hove, Per Ivar
Skodjereite, Harald Jøsvoll og med fullmakt
frå Leif Jørgen Moger, Leif Magne Vad,
Odd Halvard Midtbust, Leif Rune Vinje, Johan B.
Øvrebust, Jon Geir Selboskar, Stein Eric
Solevåg og Egil Henden.
Møtelyden vil gi styret honnør for
arbeidet som er gjort gjennom driftsåret
2018. Det har vore lagt ned mykje godt og viktig
arbeid for å få på plass ein
tidsmessig driftsplan, og elles med å drifte
laget.
Møtet slutt kl 22.15
Jon Geir Selboskar, skrivar.
Årsmelding for 2018.
Det har vore halde1 medlemsmøte i 2018 og 10
styremøter i tida som har gått sidan
sist årsmøte. Det har og vore eit
informasjonsmøte mellom styret og
grunneigarar.
Det har vore gjordt 23 vedtak i styret, enkelte
saker har vore behandla fleire gongar
Konstituerande styremøte.
Leiar Jarle Hove, valgt av årsmøte i
2018
Netsleiar Egil Henden
Kasserar Per Ivar Skodjereite
Sekretær Johan Øvrebust
Styremedlem Stein Eric Solevåg
Nils T Hove og Odd Søvik er varamedlem, og
har møtt på eindel av styremøta i
lag med styret
- Økonomien i laget er god, Saldo pr
31.12.2017 var kr 27.500.-
- Fangst i elva i 2018 var 238 villaks, samla 800
kg, mot 2017, 405 villaks, samla 1330 kg
- Midtsesongevaluering 11.07. Heile elva var
gått igjennom med video undervannskamera,
liten vannstand gjorde det vanskeleg å telje
effektivt. Elva var 17 grader. Laksen gøymde
seg i kviteskummet. Resultat frå evalueringa
gjorde at vi satte inn strengare
fangstrestriksjonar, kalla inn til
medlemsmøte og elva vart sesongstengt ei
veke tidligare enn normalt.
- Vi fekk tatt 2 effektive gyteteljngar gjennom
OURO-ordninga, 09 september og 20. oktober Det
var ikkje meir enn 272 laks totalt og herav 119
holaks, på teljing i sept. Okt. teljinga
viste mindre laks, truleg var eindel av laksen
ferdig gytt då.
Truleg har også den store isferda i 2013
tatt meir rogn og yngel enn det vi har
trudd.
Kompetansegruppa/Styret har fått
gjennomført ei gytefiskteljing i
Røelva, 45 laks og 6 store sjøaure .
Gjennomført gytefiskteljing framom
Stavdalsfossen, seint i okt. 7 laks og 3
sjøaure .
Gytebestandsmålet vart ikkje oppnådd i
2018. Veldig spesiell situasjon, lite
vassføring og høg temperatur i elva
gjorde at det truleg var tatt dobbelt mengde laks
i sjøen som tidlegare år.
Vi har hatt ei yngelregistrering av
Rådgivande Biologar. Noko nedslåande
resultat.
Men forholda var ikkje heilt optimale for denne
registreringa.
- Kompetansegruppa vår gjennomførte eit
stort prosjekt med overvåking i den nedre
delen, nær 40 t med undervannskamera. Lite
regnbogeaure var funne. Vi fekk eindel andre intr
fakta. Vi skal fortsette i år, i mindre
målestokk. Og samtidig prøve å
fokusere litt på utgåande
laksesmolt.
- Vi har hatt oppsyn som ikkje hart fungert like
godt på alle soner. Lakselova seier at vi
skal ha felles forvalting og i dette ligg
også eit felles oppsyn. Dette er noko vi
må sjå nærare på.
Nokre uheldige episodar i elva i 2018, og dette
kjem fram i forslaget til driftsplan.
- Vi har søknad om tilskot inne hos
Fylkeskommuna om midlar restaurering av 3
gytebekker.
Dette er eit tiltak som ligg inne på styret
sitt forslag til driftsplan
- Vi har ein 2-årig samarbeidsavtale med
Hofseth Aqua, som gjer at vi har finansiering for
dei tiltaka som ligg inne på
aktivitetsplanen.
- Styret har laga til forslag til ny
driftsplan, Ein løpande plan som kan
justerast når som helst i 5-års
perioden.
- 2019 er det internasjonale villaksåret. Vi
meiner at laget må markere dette på ein
god måte. Alternativer er å arrangere
barnas dag i elva, og muleg også ein
åpen dag.
- Situasjonen for laksen i elva er ikkje god. Ein
generell nedgang i dei fleste elvar på
Sunnmøre, kombinert med den store isferda i
2013. Mykje er avhengig av kor stor del av yngel
klekt i 2014-15 som kjem att til elva i år.
Mykje er også avhengig av at der kjem
restriksjonar som monnar i høve
sjølaksefiske i åra framover. Vi
må ha fullt fokus på midtsesong
evaluering og sørge for at uttaket av laks
ikkje blir større enn at vi har att nok
gytefisk til å oppretthalde bestanden og
kanskje få auka denne.
- Eit tiltak som styret meiner er heilt
nødvendig er å opprtette 4-5
desinfeksjons stasjoner til langs elva. Vi
oppretta ein gratis stasjon på den nedre
sona i 2018, og den vart brukt ein god del, ikkje
berre av dei som fiskar der, men også av
mange som fiskar lenger framme i elva.
- Det vart oppdaga eindel oppdrettslaks i elva og
vi fekk løyve til utfisking av oppdrettsfisk
i oktober. Relativt stort innslag av ferdiggytt
laks hindra oss i å fiske ut effektivt med
garn.
men det var likevel tatt ut 7 oppdrettslaks med
stang og 3 med harpun.
- Det har vore arbeida i mange fora og på
forskjellige nivå for å få starte
opp med kultivering i form av klekkeri. Hittil
har ikkje den offentlege forvaltinga gått
med på dette, men det har vore sørga
for at ingen klekkeri på Sunnmøre blir
stengt dei første åra. Direktoratet har
tatt styringa med kultivering og klekkeri for 3
elvar på Sunnmøre, der det er
dokumentert svært nær tapt stamme. Ein
ny Fylkesvis kultiveringsplan for Møre og
Romsdal er under utarbeiding. Stordal
Elveeigarlag har gjennom Lakseelvane på
Sunnmøre vore pådrivar for dei krasse
merknadane denne fekk på
høyringa.
- Styret har tatt initiativ til eit prosjekt i
samarbeid med studentar frå NTNU. Ei
Bachelor oppgåve som tar for seg elva og
laksen. Styret håpar at dette på sikt
også skal føre til ei
masteroppgåve, der ein godt dokumentert
kultiveringsplan kan være ein del av
masteroppgåva og evt. andre prosjekt knytt
til studentar og / eller forskarar.
Dei fleste av sakene som styret har hatt oppe til
behandling er av ein slik karakter at dei kjem
opp på årets årsmøte, og blir
vel omtalt der.
Stordal 05.03.2019
Jarle Hove
Møtereferat frå medlemsmøte
Stordal Elveeigarlag den 25.07.2018
Sak 1.
Tidlegare sesong stenging av elva i
2018
Det var ein god diskusjonrundt denne saka, og der
kom fram fleire forskjellige meingar om tidlegare
stenging,
det vart og tatt oppog diskutert dette med evt
stenging av elva ved lav vannstand. Medlemmane
samla seg om eit einstemmig vedtak.
Vedtak:
Stordalselva blir denne sesongen stengt for fiske
etter laks frå og med den 18.08.
Grunnen til dette er den spesielle sesongen med
lav vannstand og at mykje av
den laksen som normalt skal opp i elva for å
gyte, er blitt tatt i sjøen
Spesielt mykje av kilenøter, men også
ei formidabel auke i fangst av dorgarar
Sak 2.
Resulasjon frå Medlemsmøte i
Stordal Elveeigarlag:
Vi kan ikkje ha det sånn at kilenøtene
fiskar opp det meste av laksen.
Fiskerettshavarane i elvane kjempar på alle
måtar, dokumenterer bestanden både ved
yngelteljingar og gytefisk teljingar,
Held nøye fangstrapport, vedtar strenge
fangsrestriksjoner og til sist stenger elva lenge
før sesongsluttfordi vi ser at det kjem for
lite fisk opp i elva.
Vi ser at det ikkje kan haustast normalt på
bestanden i år
Det meste av laksen som kjem oppi elva i siste
del av sesongen må få gyte for at vi
kan sørge for reproduksjon av bestanden i
elva.
Det er god forvalting av bestandane at alle
elvane i denne regionen får bruke dei
eksisterande klekkeria på Sunnmørefor
kultivering i si elv, dei neste 5 åra
Einstemmig vedtak:
Stordal Elveeigarlag forlanger at Direktoratet
tar grep for å stoppe den uforsvarlege
kilenot fiskinga i Storfjorden. Vi vil at kilenot
skal verte forbudt i bruk,
i heile Storfjorden, midlertidig for 5
år.
Samtidig vil vi at Direktoratet åpnar opp
for kultivering,stryking av laks og utsetting av
rognboksar eller plommeyngel, for alle vassdraga
i denne regionen.
Dette for å bøte på dei skadane
kilenota har gjort med laksebestanden dei siste
åra.
Kilenota fiskar blindt på alle lokale
bestander, mange av elvane på Sunnmøre
slit virkeleg hardtmed sin bestand.
Tar ein ikkje grep no, er det slutt på
laksen i mange elvar i løpet av få
år.Mange av elvane tar på seg store
kostnader med dokumentasjon av sin bestand.
Det blir utført veldig mykje gratisarbeid i
forbindelse med dette dokumentasjons
arbeidet
Det blir lagt inn strengare fangstrestriksjoner i
dei fleste elvane.Fleire av elvane kortar inn
fiskesesongen etter egne vedtak i
elveeigarlaga.
No er det på tide at Kilenotfiskarane tek
seg ein pause. Dei kun haustar, dei bidreg ikkje
i det heile med å halde bestanden oppe
Sak 3.
Utbetring i utløpet til
elva. Det har bygt seg opp med
lausmasser og ved lav vannstand har utløpet
no 3 separate straumar.
Det har laga seg eit basseng, langt utanfor
elva
Einstemmig vedtak
Stordal Elveeigarlag oppmodar grunneigarane
på Hovesona, til å ta opp att planar om
masseuttak i osen, slik ein får samla
utløpet i elva til ein straum.
Ved lav vannstand må vi få elvastraumen
meir konsentrert slik laksen kan gå på
straumen
Møtereferat, Årsmøte Stordal
Elveeigarlag for 2017,
Nilsgardstunet 10.04.2018. Kl. 19.00
Møtereferat er avskrift frå
møteprotokollen.
Sak 1. Val av møteleiar,
Vedtak. Jarle Hove
Sak 2. Val av skrivar.
Vedtak: Are Solheim
Sak 3. Innkalling og sakliste.
Godkjent
Sak 4. Signere protokoll. Kjell
Magne Moe og Odd Hallvard Midtbust
Sak 5. Godkjenning av
fullmakter. 3 Fullmakter, lest opp og
godkjent
Sak 6. Årsmelding.
Opplest.
Harald Jøsvoll stilte spørsmål ang
kompetansegruppe.
Styret skal styre – møtedeltakere er
enig i at ei slik kompetansegruppe/arbeidsutval
er positiv
Gruppa skal jobbe vederlagsfritt
Burde dette ha våre
årsmøtesak?
Leiar las opp mandat for
gruppa/arbeidsutvalget
Årsmøtet vil at mandatet skal sendast
ut på mail, til alle medlemmer, slik at alle
får informasjon
Påteikning frå leiar:
Mandat, arbeidsutvalg/kompetansegruppe, ligg ved,
under referatet
Vedtak: Årsmelding godkjent
med dei merknader som står over.
Påteikning frå leiar:
Kompetansegruppe/arbeidsutvalg var tatt opp
på sist årsmøte, gjennom
årsmeldinga for 2016. Den var diskutert og
gjennomgått, i den utdjupande informasjonen
som fulgte med årsmeldinga. Årsmelding
2016, med utdjupande informasjon ligger vedlagt
til referatet.
Lagt inn underst her på
årsmøtereferatet
Sak 7. Rekneskapet vart
gjennomgått. Div spørsmål ang
faktura/kontingent. Styret forklarer
Rekneskap godkjent.
Sak 8. Aktivitetsplan
gjennomgått i grove trekk, Godkjent uten
merknader.
Påteikning frå
leiar:Dei av grunneigarane som ynskjer
å delta på noko av det som står
på
aktivitetsplanen er hjerteleg velkomen til å
kontakte leiar ang dette. Gjelder naturlegvis
også dei laksefiskarane som leiger fiskerett
i elva generellt.
Sak 9. Fangstrestriksjoner.
Styret greier ut si innstilling. Ingen
restriksjoner på pukkellaks, regbogeaure
eller oppdrettslaks. Spørsmål om
utrekning fiskerestriksjoner i hht antall
stenger, timer osv per sone/km elv. Laget mangler
dokumentasjon for å sette ei fornuftig
fangstregulering.
Ingen merknader til fangstrestriksjoner. Styrets
innstilling – Godkjent
Sak 10. Desinfisering av utstyr.
Vedtak: Styret sin innstilling
godkjent.
Sak 11. Evt Godtgjerdsle til
tillitsvalgte. Saka lagt fram uten innstilling
frå Styret
Forslag frå årsmøtet, godtgjerdsle
på kr 5.000.- til leiar. Ingen godtgjerdsle
til styremedlemmer
Godkjent utan merknader
Sak 12. Budsjett 2018, lagt
fram. Styret foreslår å få
fullmakt til å justere budsjett innenfor
framlagte rammer. Godkjent utan merknader.
Påteikning frå leiar: Det
utsendte budsjett vart endra noko under saka.
Godtgjerdsle tillitsvalgt vart lagt inn i
driftsbudsjettet. Avsetning til driftsfond vart
endra tilsvarande.
Nytt godkjent budsjett er vedlagt til
årsmøtereferatet.
Sak 13.Prosjekt flytting av laks
frå hovudvassdraget over til
Røelva
Vedtak,Styret og
Kompetansegruppa får i oppgåve å
organisere dette og flytting kan forgå
i
dei siste dagane i august, 26-31.
Påteikning frå leiar: Her var
det ytra ynskje om at dei som utfører dette
arbeidet har med skrifteleg
løyve frå styret, med
påteikning om at dette er godkjent frå
grunneigar.
Og, viktig, Utan grunneigars tillatelse,
kan dette ikkje utførast på den
aktuelle sona.
Det står naturlegvis grunneigar
fritt om han vil gje løyve eller ikkje
på sin sone. Og for at dette kan
gjennomførast på den enkelte sone,
må det være enigheit og gitt tillatelse
frå alle grunneigarane på den aktuelle
sona.Det vart og uttrykt ynskje om merking av den
laksen som vart flytta, slik ein kan kjenne att
fisken under teljinga seinare på
hausten.
Sak 14.Forebyggande tiltak og
kontrollmynde i høve fangstrestriksjonar i
elva.
Vedtak.Kompetansegruppa og
styremedlemmane får fullmakt frå
Årsmøtet til å utøve
fiskekontroll i elva, på vegne av dei
grunneigarar/soner som ynskjer dette.
Samt opplyse om reglar ol, som eit forebyggande
tiltak.
Sak 15.Ny driftsplan
2019-2021.
Vedtak: skal leggast fram
på neste årsmøte for
godkjenning
Oppfordring til alle grunneigarar om å tenke
gjennom og komme med innspel til den komande
driftsplanen, i god tid før neste
årsmøte (gjerne ila sommar –
haust 2018)
Sak 16. Valg.
I fb med valget så ber styret om å
få justere tekst (Ikke innholdet) i
vedtekter. Og legge dette fram som egen sak til
neste årsmøte. Det var også
stemning for at styret velger – oppnemner
representant til Landbruksrådet. Sidan dette
ikke er nevnt i vedtekter.
Valgnemnda la fram sitt forslag til valg av nye
tillitsvalgte:
Enstemmig vedtak.
Nye styremedlemmer valgt for 2
år.
Jarle Hove
Per Ivar Skodjereite
Stein Eric Solevåg
Styremedlemmer ikkje på valg i
år:
Egil Henden
Johan B Øvrebust
Leiar i styret, valgt for 1
år.
Jarle Hove
Varamedlem til styret, valgt for 1
år.
1. Vara. Odd Søvik
2. Vara. Nils T Hove
Revisorar. Valgt for 1
år.
Leif Kirkebøe
Jan Ove Øvrebust
Valgnemd.
Pål B Øvrebust. 3 og siste
året
Are Solheim. 2. året
Ny medlem, valgt for 3
år
Eldar Busengdal
Møtereferat frå
årsmøtet for 2016, halde den 30.03.2017
kl. 19.00
01. Val av møteleiar
Vedtak: Møteleiar, Jarle
Hove
02. Val av skrivar.
Vedtak: Skrivar, Johan
Øvrebust
03. Godkjenning av innkalling og sakliste
Vedtak: Innkalling og sakliste er
godkjent
04. Godkjenning av fullmakter
Vedtak. Ingen fullmakter er framlagt for
godkjenning.
05. Val av to til å signere protokoll
Vedtak: Jon Geir Selboskar og Odd
Hallvard Midtbust skriver under
møteprotokoll
06. Årsmelding
Leiar informerte meir utdjupande om det
som står i årsmelding,
samt eindel andre saker som styret har
vurdert i styremøter sidan sist
årsmøte.
Vedtak: Årsmelding godkjent utan
merknad.
07. Rekneskap, blir lagt fram på
møtet
Vedtak: Rekneskapet er revidert og vart
godkjent uten merknad
08. Endring / presisering av vedtekter punkt 2 og
punkt 3
Vedtak: Styret sitt framlegg til endring
av vedtekter vart samrøystes
vedteke,
merknad, ordlyden bør vere på
nynorsk
09. Nye medlemmar i laget som følge av den
nye forskrifta om pliktig organisering
og drift av vassdrag med anadrome
laksefisk.
Vedtak: Dei som har fiskerett i
Røelva, mellom Løset og Ekrefossen skal
meldast inn som medlemmer i laget.
Årsmøtet inviterar dei aktuelle
eigarane og dei som evt har fiskerett på
denne strekninga til eit oppklaringsmøte
saman med styret.
10. Medlemskap i Norske Lakseelver
Vedtak: Laget melder seg inn i
organisasjonen Norske Lakseelvar.
Kostnaden med den årlege
medlemskontingenten blir å fordele sonevis,
i høve til gjennomsnittsfangst for kvar sone
dei siste 3 åra.
Kostnaden for kvar sone kan det vere
nærliggande å dele innbyrdes på
kvar sone i høve til
storleiken på fiskeretten/skylda for
kvar gard innanfor kvar sone.
Kvar sone oppnevner ein
kontaktperson.
11. Budsjett for 2016
Vedtak: Styret sitt framlegg til budsjett
vart samrøystes vedteke.
12. Prøveprosjekt vedr flytting av laks
frå hovedelva og opp i Rø-elva.
Eit prosjekt der det er nødvendig at ein
får løyve fra alle grunneigarar som
blir berørt.
Forslag til
vedtak:
Styret får i oppgåve å
organisere dette og flytting kan forgå i
perioden 26-31. august, Styret sitt forslag vart
samrøystet vedteke
13. Fangstrestriksjonar. Styret sin
innstilling :
Fangstrestriksjonar gjeldande for 2016
blir vidareført i 2017. Maks 4 laks pr
person
Pr. veke, uavhengig av sone, Elva kan
stengast for fiske ved lav vannstand.
Styret sitt forslag vart samrøystet
vedteke
14. Lysåpning for vegen på
ekvaforbygninga.
NVE har en klausul som viser til at det skal til
en kvar tid vere lett tilgjengeleg tilkomst
for maskiner til elva, i høve flaumskader
ol.
Sjølve lysåpninga, dvs fritt for skog
og greiner skal vere i 4 m bredde på
forbygninga.
Vi bør ta rydding av skog langs vegen
på elvaforbygninga, og foreta nødvendig
grusing
der det er behov for dette.
Styret har søkt om ein del midlar til
opprusting av vegen på forbygninga.
Forslag til vedtak: Medlemmane rustar
opp vegen til 4 m bredde i høve
lysåpning,
og om vi får midler tilført, gruser opp
der det er behov for det.
Kostnader til grus blir å dekke av laget om
det lykkast å få tilført midler
til dette
Vedtak: Årsmøtet oppmodar alle
medlemmar til å rydde
elvaforbygginga.
15.Val av nye tillitspersonar, medlem til
landbruksrådet og ny valnemd.
Vedtak: Valget var enstemmig og i
tråd med valgnemnda sin
innstilling
Leiar, valgt for 1 år: Jarle
Hove
Styremedlem, valgt for 2 år: Egil
Henden
Styremedlem, valgt for 2 år: Johan
Øvrebust
Varamedlem, valgt for 1 år. Nils T
Hove
Varamedlem, valgt for 1 år. Eli
Søvik
Revisorar. valgt for 1 år. Leif
Kirkebø
Revisorar. valgt for 1 år. Jan Ove
Øvrebust
Representant i Landbruksrådet, valgt
for 1 år: Per Ivar
skodjereite
Årsmøtet valgte Are Solheim til
ny medlem i valgnemnda
Møtet slutt. Referatet er ei
utskrift av
årsmøteprotokollen.
06.04.2017
Jarle Hove
Leiar i styret.
Årsmelding for 2016.
Konstituerande styremøte.
Leiar Jarle Hove, valgt av årsmøte i
2016
Konstituert styre:
Netsleiar Egil Henden
Kasserar Per Ivar Skodjereite
Sekretær Johan Øvrebust
Styremedlem Magnar Vad
- Vi prøver å følge med på
det som skjer med settefiskanlegg og
søknader om utviklingskonsesjoner
for lakseoppdrett. Mykje av dette er fortsatt
uavklart og vanskeleg å få konkrete
opplysningar om.
- Kultiveringstiltak ved Røelvosen.
Prosjektet er ferdigstillt av grunneigarane
der.
- Vi har hatt ei gytefisktelling på
Jøsvollsona, visuelt og med
undervannskamera.
Det var observert 147 laks, med ei stipulert
samla vekt på omlag 933 kg.
Det var ikkje forventa at bestandsmålet av
gytefisk skulle bli dekka opp på denne sona
åleine.
Men det viser seg at ei slik teljing, kombinert
visuelt og med kamera var veldig effektivt.
Styret meinar at dette er vegen å gå
for komande teljingar. Sjå også eiga
sak på årsmøtet.
- Styret har fått gjennomført eit
forsøk med flytting av laks frå
hovedelva og opp i Røelva.
Dette var vellykka og styret vil at dette skal
fortsettast i åra framover
- Har behandla ei sak om fangstrestriksjonar,
midt i sesongen, der styret enstemmig
vedtok
ei midlertidig stenging av elva med bakgrunn av
lav vannstand
- Vi har foreslått ein del enkle/ mindre
justeringar av vedtektene, sjå eiga sak
på årsmøtet
- Vi har diskutert ei sak om åpen dag i
lakseelva, alternativt ein «camp Villaks
etter mal frå Norske Lakseelvar.
Dette står litt på midlar for å
få gjennomført.
Leiar har fleire gongar arrangert barnas dag i
elva, i privat regi. Og det er stemning for at
dette blir gjennomført også i
2017.
- Leiar har søkt NVE om midlar til å
gjennomføre div miljøtiltak langs
elva.
Og søkjer Fylkeskommuna om midlar til
undervannskamera med tilhøyrande
utstyr.
- Fleire av sakene som styret har hatt oppe til
behandling er av ein slik karakter at
dei kjem opp på årets
årsmøte, og blir vel omtalt der.
Stordal 28.02.2017
Jarle Hove
Leiar i styret
VEDTEKTER
FOR
STORDAL ELVEEIGARLAG
1. Formål:
Stordal Elveeigarlag har til formål å
arbeide for ei næringsmessig og
økologisk forvalting av laks- og
sjøaurefiske i Stordalselva.
Laget skal forhalde seg til forskrift om
pliktig organisering og drift av vassdrag med
anadrome laksefisk og skal ivareta de
lovpålagte
forvaltningsoppgavene gitt i Laks- og
innlandsfiskeloven med tilhørende
forskrifter.
2. Arbeidsområde:
Laget sitt arbeidsområde er avgrensa
til den laks- og sjøaureførande delen
av Stordalsvassdraget i Stordal
Kommune.
Dette gjeld frå fjorden til
Stavdalsfossen. I Røelva fram til
Ekrefossen.
3. Medlemmar:
Alle som har fiskerett i den
lakseførande delen av vassdraget er
medlemmar i laget og har røysterett. Kvart
medlem har 1-ei røyst per fiskerett/gards
nr.
I tillegg kan kvar medlem røyste med
fullmakt for 1-eit medlem for kvart gardsnr han
har fiskerett på.
Medlemmar i Stordal elveeigarlag må
fylje dei vedtaka som er tekne av
årsmøte i laget. Det er ikkje mogleg
å melde seg ut av laget anna enn ved sal av
fiskeretten.
Ved eigedomsoverdraging skal nytt navn og
ny adresse rapporterast til laget. Medlemskap i
laget fyl gards nr. Dei som har ein fiskerett
på eit gards nr. har ei
røyst.
Den som har fiskerett på fleire
gards nr./ soner, har eit medlemskap og ei
røyst for kvart gards nr.
Grunn-kontigenten skal vere lik for kvart
medlemskap.
Alle medlemmar i laget skal betale
gjeldande medlemskontigent, som er vedteke
på årsmøtet i Stordal
Elveeigarlag
4. Ulovlege tilhøve:
Når medlemmar av laget vert kjent med
ulovlege tilhøve i og kring Stordalselva og
utløpet, og ein meiner dette kan skade
fisket, fisken eller interessene til
elveeigarane,
har ein rett og plikt til å gripe inn eller
melde i frå om det til styret for laget
og/eller off. ansvarleg etat instans.
5. Rekneskap og fullmakt.
Rekneskap og budsjett året
skal følgje kalenderåret. Leiar og
nestleiar har mynde til å gjere avtalar for
laget i samsvar med styre- og
årsmøtevedtak.
6. Styre.
Laget skal ha eit styre på 5 medlemmar og 2
vara medlemmar . Leiar skal veljast kvart
år. Styremedlemmane skal veljast for 2
år og skiftevis slik at 2 og 3
styremedlemmar står på val etter
tur.
Vara medlemmar skal veljast for 1 år. Ved
lutdraging sår 2 av styremedlemmane på
val første året. Styret vel sjølv
nestleiar, kasserar og sekretær.
Styret er vedtaksfør når minst 3 av
styremedlemmane/vara medlemmane møter, og
desse 3 er samde.
7. Årsmøte:
Årsmøtet skal haldast ein gong pr.
år innan 31. mars. Innkalling til
årsmøtet skal vere utsendt 14 dagar
før møtet.
Saker som medlemmane vil ta opp på
årsmøtet må vere styret i hende
minst 1-ein månad før
årsmøtedato.
Årsmøtet skal mellom anna:
- Godkjenne innkalling og sakliste.
- Velje ordstyrar og skrivar.
- Velje to til å skrive under
møteboka.
- Handsame årsmelding,
budsjett og rekneskap.
- Velje styre med vara medlemer.
- Velje styreleiar for eit år om gongen.
- Velje styremedlemmer for eit år om
gongen.
- Velje to revisorar for eit år om gongen.
- Velje tre medlemmer og ein vara medlem til
valnemnda. Valet gjeld for tre år der ein
går ut kvart år. Første året
etter lutdraging
- Velje leirar i valnemnda. Medlemmar i
valnemda kan ikkje attveljast.
- Årsmøtet skal gjere vedtak om
arbeidsoppgåver for komanda år.
- Årsmøtet fastset medlemskontigent.
Vedtak på årsmøtet skal gjerast
med vanleg fleirtal. Tillistvalde som har fungert
ein eller fleire valperiodar kan seie for seg
attval for like lang tid.
8. Ekstraordinert årsmøte:
Ekstraordinert årsmøte kan haldast
når styret finn det ønskjeleg, eller
når minst 25 % av medlemmane krev det.
På slike møte kan det berre gjerast
vedtak i saker som er ført opp på
saklista for møte. Den skal leggjast ved
innkallinga.
Ekstraordinert årsmøte skal kunngjerast
på same måte som ordinert
årsmøte.
9. Endring av vedtekter:
Endring av vedtekter kan berre gjerast av
årsmøtet med 2/3 fleirtal av dei
frammøtte. Framlegg til endring må
gå klart fram av innkallinga til
årsmøte.
10. Oppløysning:
Laget kan ikkje oppløysast før
det evt. blir åpna for dette i Forskrift om
pliktig organisering og drift av vassdrag med
anadrome laksefisk.
Berre årsmøte kan i so tilfelle
løyse opp laget. Årsmøtet avgjer
kva som skal skje med eignalutane til laget.
1. Vedtatt på årsmøtet i Stordal
Elveeigarlag 14. april 1998.
2. Nytt pkt. 7 vedteke på årsmøtet
20. mars 2002.
3. Vedtekt nr 3. endra på årsmøtet
24 April 2014.
4. Endring av vedtekter på omframt
årsmøte 08.06.2015
Gjelder punkt 1 – 3 – 5 – 7
– 10. Endring står med fet
skrift
Endringar gjort for at vedtekter skal samsvare
med
Forskrift om pliktig organisering og drift av
vassdrag med anadrome laksefisk, ikrafttredelse
25.06.2013
5. Endring av punkt 2 og punkt 3, på
årsmøte den 30.03.2017
|