Referat frå Årsmøte - Stordal
Elveeigarlag
Nilsgardstunet 10. mars 2021 kl- 18.00
01. Val av møteleiar
Jarle Hove
02. Val av skrivar.
Johan B Øvrebust
03. Godkjenning av fullmakter
2 fullmakter levert inn og godkjent
04. Godkjenning av innkalling og sakliste
Einstemmig
godkjent
05. Val av to til å signere protokoll
Harald Jøsvoll og Egil Henden
06. Årsmelding
Einstemmig godkjent
07. Rekneskap, blir lagt fram på
møtet.
Disponible midlar pr no, mars 2021, er om lag kr
80.000.-
Einstemmig godkjent, med revisor sin
beretning.
08. Åpning av elva i 2021 Her vart det eit
tredelt vedtak. Sjå vedlegg.
Opning av elva i juli, Einstemmig
vedtatt
Midtsesongevaluering og i høve det er for lite
fisk i elva til at Gytebestandsmålet kan
oppnåast, Får styret mynde til å
stenge elva for fiske frå 20.07 Vedtatt mot ei
stemme.
Fangstrestriksjonar, Einstemmig vedtatt, med
presiseringar. sjå vedlegg i sak 8
09. Aktivitetsplan for laget for
2021.Sjå
vedlegg.
Einstemmig godkjent, sjå vedlegg i sak 9, for
justert endring
10. Kultiveringsplan, ny frå 2021.
Arbeids utkast til var utsendt saman med innkalling, som
informasjon til medlemmane.
Einstemmig vedtak: Styret får fullmakt til
å arbeide vidare med planen fram mot eit omframt
møte, seinare i 2021. Der laget må vedta ein
kultiveringsplan for elva
11. Godtgjerdsle, tillitsvalgte for 2021
Styret sitt forslag til vedtak. Samme som
tidlegare
Leiargodgjersle : Kr. 7500,- Styremedlemar : Kr. 300,- pr
møte.
Einstemmig godkjent
12. Prosjekt, Tiltak gyteforbedring Rikjenda og Vinjesanden
2021
Einstemmig vedtatt:
Årsmøtet gir mynde til styret til
å gjennomføre prosjektet om ein får dei
nødvendige godkjenningar frå Statsforvaltaren,
NVE og grunneigarane.
Det er ein føresetnad at nødvendig
finansiering av dette er i orden, før
oppstart,
i form av tilvist / tildelt tilskot til
prosjektet.
13. Driftsplan, justering for 2021 Sjå
vedlegg
Sjå vedlegg i sak 13, godkjent driftsplan nokre
endringar i høve utsendt forslag
Skal sendast ut til alle medlemmar, Namneliste
på oppsyn, Mynde for oppsyn
Einstemmig godkjent,
14. Endring i
medlemskontingent.
Einstemmig godkjent, auke i kontingent frå og
med 2021, frå kr 150 til kr 200
Innføring av Stordalskortet
Einstemmig godkjent, Laget skal innføre
Stordalskortet, eit forvaltingskort der alle
som fiskar i elva. Også grunneigarar, skal
betale. Pris kr 100/person.
Inntekta skal gå uavkorta til
forvaltings/kultiveringstiltak i elva
Styret får mynde til å bestemme korleis
dette kortet skal innløysast
Her er det eit eige Vppsnr 691141
15. Budsjett for 2021,
Budsjett er lagt fram og godkjent med underskot.
Årsmøtet oppmoda styret til å halde
fram med kultiveringsprosjekt som gir tilskot/overskot til
laget. Og at styret søkjer på dei
tilskot som er tilgjengelege
Einstemmig godkjent
16. Val av nye tillitspersonar, og medlem/leiar
valnemnd.
Alle val var einstemmig.
1. Leiar for eit år. Jarle Hove
2. Ny styremedlem for 2. år Jan Erik
vad
3. Attval på ny styremedlem for 2 år Egil
Henden
4. Attval for ny varamedlem for eit år
Øyvind Tafjord
5. Revisorar, attval for eit år. Leif
Kirkebø og Jan Ove Øvrebust
3 styremedlemmar var ikkje på val i 2021, og er
på val i 2022
Stein Eric Solevåg, Kjell Mulelid og Jarle
Hove
Det vart gløymt å velje ein ny medlem
til Valnemnda for 3 år.
Harald Jøsvoll går ut av valnemnda etter
3 år.
På omframt årsmøte seinare i 2021,
må det velgjast ein ny medlem for 3
år,
samt leiar for valnemnda for eit år.
Det nye styret hadde konstituerande styremøte
i etterkant av årsmøtet.
Nestleiar. Egil Henden
Kasserar. Kjell Mulelid
Sekretær. Jan Erik Vad
Styremedlem. Stein Eric Solevåg
Styret fekk honnør for det arbeidet som var utført i meldingsåret
Stordal. 21.03.2021
Skrivar.
Johan B Øvrebust
For Stordal Elveeigarlag.
Jarle Hove
------------------------------------------------------------
Styret har gjort vedtak om stenging av elva for sesongen
2020, med bakgrunn i gjeldande driftsplan.
Dette vedtaket blir ståande inntil vi får avholde
årsmøte og stenging kjem opp på eiga sak
der.
Referat frå årsmøtet - 21.03.2019
møteleiar.
Vedtak : Jarle Hove
Sak 02 : Val av skrivar.
Vedtak : Jon Geir Selboskar
Sak 03 : Godkjenning av innkalling og sakliste.
Vedtak : Samrøystes godkjend. Innkalling og sakliste vart utsendt til medlemane på mail. Liten
respons på ynskje om tilbakemelding. Har også sendt ut SMS. Betre respons på den.
Sak 04 : Godkjenning av fullmakter.
Vedtak : Fullmakt frå Leif Jørgen Moger til Harald Jøsvoll samrøystes godkjend.
Sak 05 : Val av to til å signere møteprotokoll.
Vedtak : Johan B. Øvrebust og Harald Jøsvoll.
Sak 06 : Årsmelding.
Vedtak : Samrøystes godkjend.
Sak 07 : Vurdering av medlemskapet vårt i Norske Lakseelver og Lakseelvane på Sunnmøre.
Vedtak : Etter orientering frå leiar vedtok møtelyden å halde fram med medlemskap i begge
organisasjonane.
Sak 08 : Rekneskap.
Vedtak : Per Ivar Skodjereite la fram rekneskapen. Rekneskapsfører vil purre på manglande
betaling av kontingent. Rekneskapen er tilrådd godkjend av revisorane Jan Ove Øvrebust og
Leif Kirkebøe. Rekneskapen for 2018 samrøystes godkjend.
Sak 09 : Aktivitetsplan.
Vedtak : Aktivitetsplanen for 2019 samrøystes godkjend.
Sak 10 : Driftsplan.
Delplan 1 vedteken med fylgjande tillegg i punkt 2:
Årsmøtet gir styret fullmakt til å
kunne utvide sesongen for Stavdal og Jøsvoll, innenfor
den offentlege fisketidsramma, i det høve det viser
seg at der er bra med laks i elva, og GBM blir
oppnådd
Delplan 2 vedteken med tillegg i punkt 1,
Oppsyn.
Kvar sone oppnevner 1-2 representanter til felles oppsyn for
elva.
Avsnittet om snorkling skal ha fylgjande overskrift
:
«Snorkling og filming i elva for å drage fordel
av dette i fiskeøyemed.»
Delplan 3 vedteken med tillegg,
Årsmøtet gir fullmakt til styret for å
utrede og evt starte arbeidet med «naturleg
kultivering»
Her vere seg fiske av hofisk i ordinær sesong,
mellombels lagring av denne, og tilbakesetting av laks til
elva etter fiskesesongen. Utrede muligheita og starte opp med
«skjerma gyting» av laks i sideelvar, for å
skjerme rogn og 1-års yngel mot store isferder
Ta kontakt opp mot NTNU, prøve å få
forskarar ved NTNU til å delta i dette, gjennom muleg
å få status som pilotprosjekt
Endeleg vedtak : Årmøtet vedtek Driftsplanen med dei tillegg som kjem fram ovanfor.
Sak 11 : Godgjersle for tillitsvalde.
Vedtak : Leiargodgjersle : Kr. 7500,- Styremedlemar : Kr. 300,- pr møte.
Sak 12 : Budsjett.
Vedtak : Framlagde budsjett samrøystes vedteke med tillegg av vedtak i sak 11.
Sak 13 : Val.
Vedtak :
Leiar : Jarle Hove, attval
Nestleiar : Egil Henden, attval
Kasserar : Per Ivar Skodjereite, attval
Sekretær : Johan B. Øvrebust, attval
Styremedlem : Stein Eric Solevåg, attval
Valnemnd : 1. Eldar Busengdal, leiar. 2. Harald Jøsvoll. 3. Leif Rune Vinje.
…………………………………………………………………………………………………………………………………………………………….
Desse møtte på årsmøte : Jarle Hove, Nils Tomas Hove, Per Ivar Skodjereite, Harald Jøsvoll og med fullmakt frå Leif Jørgen Moger, Leif Magne Vad, Odd Halvard Midtbust, Leif Rune Vinje, Johan B. Øvrebust, Jon Geir Selboskar, Stein Eric Solevåg og Egil Henden.
Møtelyden vil gi styret honnør for arbeidet som er gjort gjennom driftsåret 2018. Det har vore lagt ned mykje godt og viktig arbeid for å få på plass ein tidsmessig driftsplan, og elles med å drifte laget.
Møtet slutt kl 22.15
Jon Geir Selboskar, skrivar.
Årsmelding for 2018.
Det har vore halde1 medlemsmøte i 2018 og 10
styremøter i tida som har gått sidan sist
årsmøte. Det har og vore eit
informasjonsmøte mellom styret og grunneigarar.
Det har vore gjordt 23 vedtak i styret, enkelte saker har
vore behandla fleire gongar
Konstituerande styremøte.
Leiar Jarle Hove, valgt av årsmøte i 2018
Netsleiar Egil Henden
Kasserar Per Ivar Skodjereite
Sekretær Johan Øvrebust
Styremedlem Stein Eric Solevåg
Nils T Hove og Odd Søvik er varamedlem, og har
møtt på eindel av styremøta i lag med
styret
- Økonomien i laget er god, Saldo pr 31.12.2017 var kr
27.500.-
- Fangst i elva i 2018 var 238 villaks, samla 800 kg, mot
2017, 405 villaks, samla 1330 kg
- Midtsesongevaluering 11.07. Heile elva var gått
igjennom med video undervannskamera, liten vannstand gjorde
det vanskeleg å telje effektivt. Elva var 17 grader.
Laksen gøymde seg i kviteskummet. Resultat frå
evalueringa gjorde at vi satte inn strengare
fangstrestriksjonar, kalla inn til medlemsmøte og elva
vart sesongstengt ei veke tidligare enn normalt.
- Vi fekk tatt 2 effektive gyteteljngar gjennom
OURO-ordninga, 09 september og 20. oktober Det var ikkje meir
enn 272 laks totalt og herav 119 holaks, på teljing i
sept. Okt. teljinga viste mindre laks, truleg var eindel av
laksen ferdig gytt då.
Truleg har også den store isferda i 2013 tatt meir rogn
og yngel enn det vi har trudd.
Kompetansegruppa/Styret har fått gjennomført ei
gytefiskteljing i Røelva, 45 laks og 6 store
sjøaure . Gjennomført gytefiskteljing framom
Stavdalsfossen, seint i okt. 7 laks og 3 sjøaure
.
Gytebestandsmålet vart ikkje oppnådd i 2018.
Veldig spesiell situasjon, lite vassføring og
høg temperatur i elva gjorde at det truleg var tatt
dobbelt mengde laks i sjøen som tidlegare
år.
Vi har hatt ei yngelregistrering av Rådgivande
Biologar. Noko nedslåande resultat.
Men forholda var ikkje heilt optimale for denne
registreringa.
- Kompetansegruppa vår gjennomførte eit stort
prosjekt med overvåking i den nedre delen, nær 40
t med undervannskamera. Lite regnbogeaure var funne. Vi fekk
eindel andre intr fakta. Vi skal fortsette i år, i
mindre målestokk. Og samtidig prøve å
fokusere litt på utgåande laksesmolt.
- Vi har hatt oppsyn som ikkje hart fungert like godt
på alle soner. Lakselova seier at vi skal ha felles
forvalting og i dette ligg også eit felles oppsyn.
Dette er noko vi må sjå nærare
på.
Nokre uheldige episodar i elva i 2018, og dette kjem fram i
forslaget til driftsplan.
- Vi har søknad om tilskot inne hos Fylkeskommuna om
midlar restaurering av 3 gytebekker.
Dette er eit tiltak som ligg inne på styret sitt
forslag til driftsplan
- Vi har ein 2-årig samarbeidsavtale med Hofseth Aqua,
som gjer at vi har finansiering for dei tiltaka som ligg inne
på aktivitetsplanen.
- Styret har laga til forslag til ny driftsplan, Ein
løpande plan som kan justerast når som helst i
5-års perioden.
- 2019 er det internasjonale villaksåret. Vi meiner at
laget må markere dette på ein god måte.
Alternativer er å arrangere barnas dag i elva, og muleg
også ein åpen dag.
- Situasjonen for laksen i elva er ikkje god. Ein generell
nedgang i dei fleste elvar på Sunnmøre,
kombinert med den store isferda i 2013. Mykje er avhengig av
kor stor del av yngel klekt i 2014-15 som kjem att til elva i
år. Mykje er også avhengig av at der kjem
restriksjonar som monnar i høve sjølaksefiske i
åra framover. Vi må ha fullt fokus på
midtsesong evaluering og sørge for at uttaket av laks
ikkje blir større enn at vi har att nok gytefisk til
å oppretthalde bestanden og kanskje få auka
denne.
- Eit tiltak som styret meiner er heilt nødvendig er
å opprtette 4-5 desinfeksjons stasjoner til langs elva.
Vi oppretta ein gratis stasjon på den nedre sona i
2018, og den vart brukt ein god del, ikkje berre av dei som
fiskar der, men også av mange som fiskar lenger framme
i elva.
- Det vart oppdaga eindel oppdrettslaks i elva og vi fekk
løyve til utfisking av oppdrettsfisk i oktober.
Relativt stort innslag av ferdiggytt laks hindra oss i
å fiske ut effektivt med garn.
men det var likevel tatt ut 7 oppdrettslaks med stang og 3
med harpun.
- Det har vore arbeida i mange fora og på forskjellige
nivå for å få starte opp med kultivering i
form av klekkeri. Hittil har ikkje den offentlege forvaltinga
gått med på dette, men det har vore sørga
for at ingen klekkeri på Sunnmøre blir stengt
dei første åra. Direktoratet har tatt styringa
med kultivering og klekkeri for 3 elvar på
Sunnmøre, der det er dokumentert svært nær
tapt stamme. Ein ny Fylkesvis kultiveringsplan for
Møre og Romsdal er under utarbeiding. Stordal
Elveeigarlag har gjennom Lakseelvane på Sunnmøre
vore pådrivar for dei krasse merknadane denne fekk
på høyringa.
- Styret har tatt initiativ til eit prosjekt i samarbeid med
studentar frå NTNU. Ei Bachelor oppgåve som tar
for seg elva og laksen. Styret håpar at dette på
sikt også skal føre til ei masteroppgåve,
der ein godt dokumentert kultiveringsplan kan være ein
del av masteroppgåva og evt. andre prosjekt knytt til
studentar og / eller forskarar.
Dei fleste av sakene som styret har hatt oppe til behandling
er av ein slik karakter at dei kjem opp på årets
årsmøte, og blir vel omtalt der.
Stordal 05.03.2019
Jarle Hove
Møtereferat frå medlemsmøte Stordal Elveeigarlag den 25.07.2018
Sak 1.
Tidlegare sesong stenging av elva i
2018
Det var ein god diskusjonrundt denne saka, og der kom fram
fleire forskjellige meingar om tidlegare stenging,
det vart og tatt oppog diskutert dette med evt stenging av
elva ved lav vannstand. Medlemmane samla seg om eit
einstemmig vedtak.
Vedtak:
Stordalselva blir denne sesongen stengt for fiske etter laks
frå og med den 18.08.
Grunnen til dette er den spesielle sesongen med lav vannstand
og at mykje av
den laksen som normalt skal opp i elva for å gyte, er
blitt tatt i sjøen
Spesielt mykje av kilenøter, men også ei
formidabel auke i fangst av dorgarar
Sak 2.
Resulasjon frå Medlemsmøte i Stordal
Elveeigarlag:
Vi kan ikkje ha det sånn at kilenøtene fiskar
opp det meste av laksen.
Fiskerettshavarane i elvane kjempar på alle
måtar, dokumenterer bestanden både ved
yngelteljingar og gytefisk teljingar,
Held nøye fangstrapport, vedtar strenge
fangsrestriksjoner og til sist stenger elva lenge før
sesongsluttfordi vi ser at det kjem for lite fisk opp i
elva.
Vi ser at det ikkje kan haustast normalt på bestanden i
år
Det meste av laksen som kjem oppi elva i siste del av
sesongen må få gyte for at vi kan sørge
for reproduksjon av bestanden i elva.
Det er god forvalting av bestandane at alle elvane i denne
regionen får bruke dei eksisterande klekkeria på
Sunnmørefor kultivering i si elv, dei neste 5
åra
Einstemmig vedtak:
Stordal Elveeigarlag forlanger at Direktoratet tar grep for
å stoppe den uforsvarlege
kilenot fiskinga i Storfjorden. Vi vil at kilenot skal verte
forbudt i bruk,
i heile Storfjorden, midlertidig for 5 år.
Samtidig vil vi at Direktoratet åpnar opp for
kultivering,stryking av laks og utsetting av rognboksar eller
plommeyngel, for alle vassdraga i denne regionen.
Dette for å bøte på dei skadane kilenota
har gjort med laksebestanden dei siste åra.
Kilenota fiskar blindt på alle lokale bestander, mange
av elvane på Sunnmøre slit virkeleg hardtmed sin
bestand.
Tar ein ikkje grep no, er det slutt på laksen i mange
elvar i løpet av få år.Mange av elvane tar
på seg store kostnader med dokumentasjon av sin
bestand.
Det blir utført veldig mykje gratisarbeid i
forbindelse med dette dokumentasjons arbeidet
Det blir lagt inn strengare fangstrestriksjoner i dei fleste
elvane.Fleire av elvane kortar inn fiskesesongen etter egne
vedtak i elveeigarlaga.
No er det på tide at Kilenotfiskarane tek seg ein
pause. Dei kun haustar, dei bidreg ikkje i det heile med
å halde bestanden oppe
Sak 3.
Utbetring i utløpet til elva. Det har
bygt seg opp med lausmasser og ved lav vannstand har
utløpet no 3 separate straumar.
Det har laga seg eit basseng, langt utanfor elva
Einstemmig vedtak
Stordal Elveeigarlag oppmodar grunneigarane på
Hovesona, til å ta opp att planar om masseuttak i osen,
slik ein får samla utløpet i elva til ein
straum.
Ved lav vannstand må vi få elvastraumen meir
konsentrert slik laksen kan gå på straumen
Møtereferat, Årsmøte Stordal Elveeigarlag
for 2017,
Nilsgardstunet 10.04.2018. Kl. 19.00
Møtereferat er avskrift frå
møteprotokollen.
Sak 1. Val av møteleiar,
Vedtak. Jarle Hove
Sak 2. Val av skrivar.
Vedtak: Are Solheim
Sak 3. Innkalling og sakliste.
Godkjent
Sak 4. Signere protokoll. Kjell Magne Moe og
Odd Hallvard Midtbust
Sak 5. Godkjenning av fullmakter. 3
Fullmakter, lest opp og godkjent
Sak 6. Årsmelding. Opplest.
Harald Jøsvoll stilte spørsmål ang
kompetansegruppe.
Styret skal styre – møtedeltakere er enig i at
ei slik kompetansegruppe/arbeidsutval er positiv
Gruppa skal jobbe vederlagsfritt
Burde dette ha våre årsmøtesak?
Leiar las opp mandat for gruppa/arbeidsutvalget
Årsmøtet vil at mandatet skal sendast ut
på mail, til alle medlemmer, slik at alle får
informasjon
Påteikning frå leiar: Mandat,
arbeidsutvalg/kompetansegruppe, ligg ved, under
referatet
Vedtak: Årsmelding godkjent med dei
merknader som står over.
Påteikning frå leiar:
Kompetansegruppe/arbeidsutvalg var tatt opp på sist
årsmøte, gjennom årsmeldinga for 2016. Den
var diskutert og gjennomgått, i den utdjupande
informasjonen som fulgte med årsmeldinga.
Årsmelding 2016, med utdjupande informasjon ligger
vedlagt til referatet.
Lagt inn underst her på
årsmøtereferatet
Sak 7. Rekneskapet vart gjennomgått.
Div spørsmål ang faktura/kontingent. Styret
forklarer
Rekneskap godkjent.
Sak 8. Aktivitetsplan gjennomgått i
grove trekk, Godkjent uten merknader.
Påteikning frå leiar:Dei av
grunneigarane som ynskjer å delta på noko av det
som står på
aktivitetsplanen er hjerteleg velkomen til å kontakte
leiar ang dette. Gjelder naturlegvis også dei
laksefiskarane som leiger fiskerett i elva generellt.
Sak 9. Fangstrestriksjoner. Styret greier ut
si innstilling. Ingen restriksjoner på pukkellaks,
regbogeaure eller oppdrettslaks. Spørsmål om
utrekning fiskerestriksjoner i hht antall stenger, timer osv
per sone/km elv. Laget mangler dokumentasjon for å
sette ei fornuftig fangstregulering.
Ingen merknader til fangstrestriksjoner. Styrets innstilling
– Godkjent
Sak 10. Desinfisering av utstyr. Vedtak: Styret sin innstilling godkjent.
Sak 11. Evt Godtgjerdsle til tillitsvalgte.
Saka lagt fram uten innstilling frå Styret
Forslag frå årsmøtet, godtgjerdsle
på kr 5.000.- til leiar. Ingen godtgjerdsle til
styremedlemmer
Godkjent utan merknader
Sak 12. Budsjett 2018, lagt fram. Styret
foreslår å få fullmakt til å justere
budsjett innenfor framlagte rammer. Godkjent utan
merknader.
Påteikning frå leiar: Det utsendte
budsjett vart endra noko under saka. Godtgjerdsle
tillitsvalgt vart lagt inn i driftsbudsjettet. Avsetning til
driftsfond vart endra tilsvarande.
Nytt godkjent budsjett er vedlagt til
årsmøtereferatet.
Sak 13.Prosjekt flytting av laks frå
hovudvassdraget over til Røelva
Vedtak,Styret og Kompetansegruppa får
i oppgåve å organisere dette og flytting kan
forgå i
dei siste dagane i august, 26-31.
Påteikning frå leiar: Her var det ytra
ynskje om at dei som utfører dette arbeidet har med
skrifteleg
løyve frå styret, med påteikning
om at dette er godkjent frå grunneigar.
Og, viktig, Utan grunneigars tillatelse, kan dette
ikkje utførast på den aktuelle
sona.
Det står naturlegvis grunneigar fritt om han
vil gje løyve eller ikkje på sin sone. Og for at
dette kan gjennomførast på den enkelte sone,
må det være enigheit og gitt tillatelse frå
alle grunneigarane på den aktuelle sona.Det vart og
uttrykt ynskje om merking av den laksen som vart flytta, slik
ein kan kjenne att fisken under teljinga seinare på
hausten.
Sak 14.Forebyggande tiltak og kontrollmynde
i høve fangstrestriksjonar i elva.
Vedtak.Kompetansegruppa og styremedlemmane
får fullmakt frå Årsmøtet til
å utøve fiskekontroll i elva, på vegne av
dei grunneigarar/soner som ynskjer dette.
Samt opplyse om reglar ol, som eit forebyggande tiltak.
Sak 15.Ny driftsplan 2019-2021.
Vedtak: skal leggast fram på neste
årsmøte for godkjenning
Oppfordring til alle grunneigarar om å tenke gjennom og
komme med innspel til den komande driftsplanen, i god tid
før neste årsmøte (gjerne ila sommar
– haust 2018)
Sak 16. Valg.
I fb med valget så ber styret om å få
justere tekst (Ikke innholdet) i vedtekter. Og legge dette
fram som egen sak til neste årsmøte. Det var
også stemning for at styret velger – oppnemner
representant til Landbruksrådet. Sidan dette ikke er
nevnt i vedtekter.
Valgnemnda la fram sitt forslag til valg av nye
tillitsvalgte:
Enstemmig vedtak.
Nye styremedlemmer valgt for 2
år.
Jarle Hove
Per Ivar Skodjereite
Stein Eric Solevåg
Styremedlemmer ikkje på valg i
år:
Egil Henden
Johan B Øvrebust
Leiar i styret, valgt for 1 år.
Jarle Hove
Varamedlem til styret, valgt for 1
år.
1. Vara. Odd Søvik
2. Vara. Nils T Hove
Revisorar. Valgt for 1 år.
Leif Kirkebøe
Jan Ove Øvrebust
Valgnemd.
Pål B Øvrebust. 3 og siste året
Are Solheim. 2. året
Ny medlem, valgt for 3 år
Eldar Busengdal
Møtereferat frå årsmøtet for 2016, halde den 30.03.2017 kl. 19.00
01. Val av møteleiar
Vedtak: Møteleiar, Jarle Hove
02. Val av skrivar.
Vedtak: Skrivar, Johan Øvrebust
03. Godkjenning av innkalling og sakliste
Vedtak: Innkalling og sakliste er godkjent
04. Godkjenning av fullmakter
Vedtak. Ingen fullmakter er framlagt for
godkjenning.
05. Val av to til å signere protokoll
Vedtak: Jon Geir Selboskar og Odd Hallvard Midtbust
skriver under møteprotokoll
06. Årsmelding
Leiar informerte meir utdjupande om det som
står i årsmelding,
samt eindel andre saker som styret har vurdert i
styremøter sidan sist
årsmøte.
Vedtak: Årsmelding godkjent utan
merknad.
07. Rekneskap, blir lagt fram på møtet
Vedtak: Rekneskapet er revidert og vart godkjent uten
merknad
08. Endring / presisering av vedtekter punkt 2 og punkt
3
Vedtak: Styret sitt framlegg til endring av vedtekter
vart samrøystes vedteke,
merknad, ordlyden bør vere på
nynorsk
09. Nye medlemmar i laget som følge av den nye
forskrifta om pliktig organisering
og drift av vassdrag med anadrome laksefisk.
Vedtak: Dei som har fiskerett i Røelva, mellom
Løset og Ekrefossen skal meldast inn som medlemmer i
laget.
Årsmøtet inviterar dei aktuelle eigarane
og dei som evt har fiskerett på denne strekninga til
eit oppklaringsmøte saman med styret.
10. Medlemskap i Norske Lakseelver
Vedtak: Laget melder seg inn i organisasjonen Norske
Lakseelvar.
Kostnaden med den årlege medlemskontingenten
blir å fordele sonevis, i høve til
gjennomsnittsfangst for kvar sone dei siste 3
åra.
Kostnaden for kvar sone kan det vere
nærliggande å dele innbyrdes på kvar sone i
høve til
storleiken på fiskeretten/skylda for kvar gard
innanfor kvar sone.
Kvar sone oppnevner ein kontaktperson.
11. Budsjett for 2016
Vedtak: Styret sitt framlegg til budsjett vart
samrøystes vedteke.
12. Prøveprosjekt vedr flytting av laks frå
hovedelva og opp i Rø-elva.
Eit prosjekt der det er nødvendig at ein får
løyve fra alle grunneigarar som blir
berørt.
Forslag til vedtak:
Styret får i oppgåve å organisere
dette og flytting kan forgå i perioden 26-31. august,
Styret sitt forslag vart samrøystet
vedteke
13. Fangstrestriksjonar. Styret sin
innstilling :
Fangstrestriksjonar gjeldande for 2016 blir
vidareført i 2017. Maks 4 laks pr person
Pr. veke, uavhengig av sone, Elva kan stengast for fiske ved lav vannstand.
Styret sitt forslag vart samrøystet vedteke
14. Lysåpning for vegen på
ekvaforbygninga.
NVE har en klausul som viser til at det skal til en kvar tid
vere lett tilgjengeleg tilkomst
for maskiner til elva, i høve flaumskader ol.
Sjølve lysåpninga, dvs fritt for skog og greiner
skal vere i 4 m bredde på forbygninga.
Vi bør ta rydding av skog langs vegen på
elvaforbygninga, og foreta nødvendig grusing
der det er behov for dette.
Styret har søkt om ein del midlar til opprusting av vegen på forbygninga.
Forslag til vedtak: Medlemmane rustar opp vegen til 4 m bredde i høve lysåpning,
og om vi får midler tilført, gruser opp der det
er behov for det.
Kostnader til grus blir å dekke av laget om det lykkast
å få tilført midler til dette
Vedtak: Årsmøtet oppmodar alle medlemmar til å rydde elvaforbygginga.
15.Val av nye tillitspersonar, medlem til
landbruksrådet og ny valnemd.
Vedtak: Valget var enstemmig og i tråd med
valgnemnda sin innstilling
Leiar, valgt for 1 år: Jarle
Hove
Styremedlem, valgt for 2 år: Egil
Henden
Styremedlem, valgt for 2 år: Johan Øvrebust
Varamedlem, valgt for 1 år. Nils T Hove
Varamedlem, valgt for 1 år. Eli
Søvik
Revisorar. valgt for 1 år. Leif
Kirkebø
Revisorar. valgt for 1 år. Jan Ove
Øvrebust
Representant i Landbruksrådet, valgt for 1
år: Per Ivar skodjereite
Årsmøtet valgte Are Solheim til ny
medlem i valgnemnda
Møtet slutt. Referatet er ei utskrift av årsmøteprotokollen.
06.04.2017
Jarle Hove
Leiar i styret.
Konstituerande styremøte.
Leiar Jarle Hove, valgt av årsmøte i 2016
Konstituert styre:
Netsleiar Egil Henden
Kasserar Per Ivar Skodjereite
Sekretær Johan Øvrebust
Styremedlem Magnar Vad
- Vi prøver å følge med på det som
skjer med settefiskanlegg og søknader om
utviklingskonsesjoner
for lakseoppdrett. Mykje av dette er fortsatt uavklart og
vanskeleg å få konkrete opplysningar om.
- Kultiveringstiltak ved Røelvosen. Prosjektet er
ferdigstillt av grunneigarane der.
- Vi har hatt ei gytefisktelling på Jøsvollsona,
visuelt og med undervannskamera.
Det var observert 147 laks, med ei stipulert samla vekt
på omlag 933 kg.
Det var ikkje forventa at bestandsmålet av gytefisk
skulle bli dekka opp på denne sona åleine.
Men det viser seg at ei slik teljing, kombinert visuelt og
med kamera var veldig effektivt.
Styret meinar at dette er vegen å gå for komande
teljingar. Sjå også eiga sak på
årsmøtet.
- Styret har fått gjennomført eit forsøk
med flytting av laks frå hovedelva og opp i
Røelva.
Dette var vellykka og styret vil at dette skal fortsettast i
åra framover
- Har behandla ei sak om fangstrestriksjonar, midt i
sesongen, der styret enstemmig vedtok
ei midlertidig stenging av elva med bakgrunn av lav
vannstand
- Vi har foreslått ein del enkle/ mindre justeringar av
vedtektene, sjå eiga sak på
årsmøtet
- Vi har diskutert ei sak om åpen dag i lakseelva,
alternativt ein «camp Villaks etter mal frå
Norske Lakseelvar.
Dette står litt på midlar for å få
gjennomført.
Leiar har fleire gongar arrangert barnas dag i elva, i privat
regi. Og det er stemning for at dette blir gjennomført
også i 2017.
- Leiar har søkt NVE om midlar til å
gjennomføre div miljøtiltak langs elva.
Og søkjer Fylkeskommuna om midlar til undervannskamera
med tilhøyrande utstyr.
- Fleire av sakene som styret har hatt oppe til behandling er
av ein slik karakter at
dei kjem opp på årets årsmøte, og
blir vel omtalt der.
Stordal 28.02.2017
Jarle Hove
Leiar i styret
VEDTEKTER
FOR
STORDAL ELVEEIGARLAG
1. Formål:
Stordal Elveeigarlag har til formål å arbeide for
ei næringsmessig og økologisk forvalting av
laks- og sjøaurefiske i Stordalselva.
Laget skal forhalde seg til forskrift om pliktig
organisering og drift av vassdrag med anadrome laksefisk og
skal ivareta de lovpålagte
forvaltningsoppgavene gitt i Laks- og
innlandsfiskeloven med tilhørende
forskrifter.
2. Arbeidsområde:
Laget sitt arbeidsområde er avgrensa til den
laks- og sjøaureførande delen av
Stordalsvassdraget i Stordal Kommune.
Dette gjeld frå fjorden til Stavdalsfossen. I
Røelva fram til Ekrefossen.
3. Medlemmar:
Alle som har fiskerett i den lakseførande
delen av vassdraget er medlemmar i laget og har
røysterett. Kvart medlem har 1-ei røyst per
fiskerett/gards nr.
I tillegg kan kvar medlem røyste med fullmakt
for 1-eit medlem for kvart gardsnr han har fiskerett
på.
Medlemmar i Stordal elveeigarlag må fylje dei
vedtaka som er tekne av årsmøte i laget. Det er
ikkje mogleg å melde seg ut av laget anna enn ved sal
av fiskeretten.
Ved eigedomsoverdraging skal nytt navn og ny adresse
rapporterast til laget. Medlemskap i laget fyl gards nr. Dei
som har ein fiskerett på eit gards nr. har ei
røyst.
Den som har fiskerett på fleire gards nr./
soner, har eit medlemskap og ei røyst for kvart gards
nr.
Grunn-kontigenten skal vere lik for kvart
medlemskap.
Alle medlemmar i laget skal betale gjeldande
medlemskontigent, som er vedteke på
årsmøtet i Stordal Elveeigarlag
4. Ulovlege tilhøve:
Når medlemmar av laget vert kjent med ulovlege
tilhøve i og kring Stordalselva og utløpet, og
ein meiner dette kan skade fisket, fisken eller interessene
til elveeigarane,
har ein rett og plikt til å gripe inn eller melde i
frå om det til styret for laget og/eller off. ansvarleg
etat instans.
5. Rekneskap og fullmakt.
Rekneskap og budsjett året skal
følgje kalenderåret. Leiar og nestleiar har
mynde til å gjere avtalar for laget i samsvar med
styre- og årsmøtevedtak.
6. Styre.
Laget skal ha eit styre på 5 medlemmar og 2 vara
medlemmar . Leiar skal veljast kvart år.
Styremedlemmane skal veljast for 2 år og skiftevis slik
at 2 og 3 styremedlemmar står på val etter
tur.
Vara medlemmar skal veljast for 1 år. Ved lutdraging
sår 2 av styremedlemmane på val første
året. Styret vel sjølv nestleiar, kasserar og
sekretær.
Styret er vedtaksfør når minst 3 av
styremedlemmane/vara medlemmane møter, og desse 3 er
samde.
7. Årsmøte:
Årsmøtet skal haldast ein gong pr. år
innan 31. mars. Innkalling til årsmøtet skal
vere utsendt 14 dagar før møtet.
Saker som medlemmane vil ta opp på
årsmøtet må vere styret i hende minst
1-ein månad før årsmøtedato.
Årsmøtet skal mellom anna:
Vedtak på årsmøtet skal gjerast med vanleg fleirtal. Tillistvalde som har fungert ein eller fleire valperiodar kan seie for seg attval for like lang tid.
8. Ekstraordinert årsmøte:
Ekstraordinert årsmøte kan haldast når
styret finn det ønskjeleg, eller når minst 25 %
av medlemmane krev det.
På slike møte kan det berre gjerast vedtak i
saker som er ført opp på saklista for
møte. Den skal leggjast ved innkallinga.
Ekstraordinert årsmøte skal kunngjerast på
same måte som ordinert årsmøte.
9. Endring av vedtekter:
Endring av vedtekter kan berre gjerast av
årsmøtet med 2/3 fleirtal av dei
frammøtte. Framlegg til endring må gå
klart fram av innkallinga til årsmøte.
10. Oppløysning:
Laget kan ikkje oppløysast før det evt.
blir åpna for dette i Forskrift om pliktig organisering
og drift av vassdrag med anadrome laksefisk.
Berre årsmøte kan i so tilfelle løyse opp
laget. Årsmøtet avgjer kva som skal skje med
eignalutane til laget.
1. Vedtatt på årsmøtet i Stordal
Elveeigarlag 14. april 1998.
2. Nytt pkt. 7 vedteke på årsmøtet 20.
mars 2002.
3. Vedtekt nr 3. endra på årsmøtet 24
April 2014.
4. Endring av vedtekter på omframt årsmøte
08.06.2015
Gjelder punkt 1 – 3 – 5 – 7 – 10.
Endring står med fet skrift
Endringar gjort for at vedtekter skal samsvare med
Forskrift om pliktig organisering og drift av vassdrag med
anadrome laksefisk, ikrafttredelse 25.06.2013
5. Endring av punkt 2 og punkt 3, på
årsmøte den 30.03.2017